Kunderådgiver
Sparebanken Norge
- Frist 04.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med å bygge Norges beste sparebank – vi søker ny kunderådgiver til laget vårt i Førde!
Om kontoret og laget
I Førde finn du eit engasjert team som kombinerer høg fagleg kompetanse med pågangsmot og lagånd. Vi har ambisjonar om vekst og trivst best når vi skaper gode kundeopplevingar – saman.
Hos oss er det høgt tempo, godt humør og korte vegar frå idé til beslutning. Du får både ansvar og støtte, og blir ein del av eit miljø som løftar kvarandre.
Kva går jobben ut på?
Som kunderådgjevar blir du ein viktig støttespelar for kundane våre i ulike livsfasar. Du får ansvar for din eigen kundeportefølje og bidreg til vekst og lønnsemd i tråd med banken sine mål. Du vil mellom anna:
gi heilhetlig rådgjevning innan bustadlån, sparing og forsikring
utvikle og forvalte eigen portefølje og byggje langsiktige relasjonar
bidra til gode salgsresultater gjennom proaktiv kundedialog
sikre kvalitet og tryggleik i kredittarbeidet
samarbeide tett med kollegaer innan både privat- og bedriftsmarknad
Kven er du?
Du har gjerne erfaring frå bank, forsikring eller annan rådgjevning, men det viktigste er at du brenn for å skape gode kundeopplevingar og trivst med å byggje relasjonar. Du er positiv, strukturert og tek ansvar – og du likar å jobbe mot mål, både for deg sjølv og for laget. Hos oss vil du lukkast dersom du:
byggjer tillit og tryggleik i kundedialogen
er engasjert, nysgjerrig og initiativrik
trivst med kombinasjonen av salg og rådgjevning
er ein lagspelar som deler kunnskap og bidreg til fellesskapet
Har du AFR eller erfaring frå kredittarbeid, er det ein fordel – men ikkje eit krav. Vi legg til rette for at du får den kompetansen du trenger hos oss.
Kva får du hos oss?
I Sparebanken Norge får du meir enn ein jobb – du blir ein del av eit lag. Vi gir deg:
ein trygg og god start gjennom onboarding-programmet Sterk Start
fagleg utvikling og karrieremoglegheiter i eit sterkt fagmiljø
eit arbeidsmiljø prega av energi, deling og ekte lagkjensle
tillit, ansvar og korte vegar til beslutningar
Klar for å bli med på laget?
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du sender søknaden din!
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Cathia Baarøy, banksjef Førde, for ein uformell prat.
Arbeidsstad: Førde
Søknadsfrist: 04.11.2025
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Det viktigste karrierevalget du tar, er laget du velger å spille for. Lagfølelsen avgjør om vi trives, mestrer og utvikler oss – og den bygger vi nå sterkere enn noen gang. Sammen skal vi skape Norges beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
- Sektor: Privat
- Sted: Storehagen 3, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Produktsalg, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kunderådgiver, Økonomisk rådgiver, Finansiell rådgiver, Autorisert finansiell rådgiver, AFR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 432025444
- Sist endret