Fagansvarlig for blodbank Odda
Helse Fonna HF
- Frist 7.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør med fagansvar i Odda – fag, fjord og fjell!
Er du bioingeniøren som vil ha fagleg puls på jobb og store naturopplevingar etterpå?
Hos oss i Laboratoriemedisin Odda får du begge delar: fagleg puls på jobb og Hardanger som nærområde.
Når du er ferdig for dagen, ventar Trolltunga, brevandring og stille kajakkturar mellom høge fjell, sykkelturar gjennom blomstrande frukthagar med sidergardar – og, om du vil, korte kveldsturar til nye utsiktspunkt, medan du likevel er heime til middag.
Har du lyst til å bli ein del av ein liten lab med varmt miljø og folk som ser deg – og ein livsstil som gjer det lett å lande i kvardagen? 👉 Då er du velkomen til å søkje – vi vil gjerne høyre frå deg!
Utforsk turar og opplevingar i Odda: Aktiviteter
Les meir om kva Odda har å by på: Opplevelsar
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for tapping, produksjon og blodtypeserologi på Odda sjukehus
- Oppfølging av rutiner og prosedyrer for analysering, tapping, produksjon og utlevering ved Odda sjukehus.
- Kontaktperson Hemovigilans
- Ansvar for at hygienekontroll blir utført
- Ansvar for at mottakskontroll av celler blir utført
- Bestilling av varer innan fagområdet
- Delta i laboratoriets rutinedrift.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan transfusjonsmedisin, men vi oppfordrer også andre til å søke.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som: er presis og løysingsorientert, med god oversikt i travle periodar. Du likar å dele kunnskapen din og bidreg til god flyt – både på eiga hand og saman med kollegaer.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Sterkt fagmiljø i lite sjukehus – du ser effekten av jobben din kvar dag
- God start – strukturert opplæring
- Sosialt og godt fellesskap
- Turnus med friperiodar – vi finn gode løysingar saman
- Flyttegoder: flyttekostnader (inntil 20 000 kr) og dekka husleige første 6 månader (inntil 60 000 kr).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
bioingeniør, fagansvarlig, odda, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 431141916
- Sist endret

