Teknisk tegner, prosjektleiar eller prosjekteringsleiar
Vest Elektro
- Frist 5.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Teknisk tegner, prosjektleiar eller prosjekteringsleiar
Er du vår nye tekniske tegner, prosjektleiar eller prosjekteringsleiar?
Vest Elektro søkjer teknisk tegner, prosjektleiar og prosjekteringsleiar.
Vest Elektro har mange prosjekt på gang og ønskjer å styrkje laget vårt. Me tilbyr arbeid innan bustad, bygg og industri.
Me ser etter deg som er ansvarsbevisst, fagleg sterk og økonomisk bevisst. Du er vand med å ta ansvar og byggje gode relasjonar med kundar. Arbeidsområdet vil hovudsakleg vere på Stord, med moglegheit for heimekontor etter avtale.
Me treng deg som:
Trivst med ansvar i kvardagen
Blir motivert av gode resultat
Ønskjer å bidra til ei arbeidsplass i utvikling
Har eller har tenkt å ta ingeniørutdanning, relevant bachelorgrad eller teknisk fagskule
Du må:
Ha fagbrev som elektrikar/automatikar
Vera ryddig og strukturert
Ha evne til å finne gode løysingar for kundar og samarbeidspartnarar
Kunne kommunisere løysingane på ein klar og god måte
Me tilbyr:
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Eit godt arbeidsmiljø i eit selskap i vekst
Moglegheit for heimekontor
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vest Elektro er eit elektrikarfirma på Stord. Me jobbar med bustad, bygg, industri og maritim elektro i heile Sunnhordland og områda rundt. Firmaet har i dag 17 tilsette.
Service og god oppfølging av kundar er viktig for oss.
Å møte til avtalt tid og levere til avtalt pris er kjerneverdiane våre.
Vest Elektro er ein del av LOS Gruppen, som består av 14 ulike selskap. LOS Gruppen er ein totalleverandør innan elektroinstallasjon, skipsservice og maskinering.
- Sektor: Privat
- Sted: 5412 Stord
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Prosjektledelse, Teknisk tegner
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teknisk tegner, prosjektleiar, prosjekteringsleiar, bygg, industri
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 431133707
- Sist endret