Sekretær, 50% vikariat
Voss DPS NKS Bjørkeli
- Frist 31.10.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sekretær
Me har ledig vikariat i 50% stilling, 6 månedar med moglegheit for forlenging/fast, som helsesekretær/sekretær ved Voss DPS NKS Bjørkeli.
Poliklinikken ved Voss DPS består av totalt 30 stillingar, fordelt på ein allmennpoliklinikk med gruppeteam og rehabiliteringspoliklinikk i flotte, moderne lokale. Som sekretær hjå oss får du tre andre sekretær-kollegaer, der den eine er kontorleiar. I tillegg blir du del av eit større fellesskap med eit breitt utval av yrkesgrupper; psykologar, legar, sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og musikkterapeut. Me har eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom oss. Pasientane våre er hovudsakleg i frivillig behandling, men me har også pasientar underlagt tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald, og pasientar som er på dom til tvungent psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
Kontoreininga er bindeleddet i det tverrfaglege samarbeidet gjennom koordinering og administrering av pasientforløp
Kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar. Svært mykje av dette føregår via telefon.
Ekspedisjonsoppgåver
Daglege arbeidsoppgåver i DIPS Arena.
Bestilling av pasienttransport
Bestilling av tolk
Timeavtalar og ymse andre oppgåver i DIPS for behandlarar
Delegerte ekstraoppgåver frå kontorleiar
Ha medansvar for eigen læring og fagutvikling
Kvalifikasjonar
Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær eller anna tilsvarande
Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Me ynskjer oss
God IKT-kunnskap
Fordel med erfaring med DIPS Arena og Elements
Lagspelar med gode samarbeidsevner
Evne til å arbeide sjølvstendig
Nøyaktig og strukturert
Serviceinnstilt og ansvarsbevisst
Arbeidssam og må trivast i eit aktivt og travelt miljø
God evne til forståing og omstilling
Endringsvillig
Opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
Ein triveleg arbeidskvardag med gode kolleger
Varierte arbeidsoppgåver (telefon, lukefunksjon, brukarstøtte m.m.)
Arbeidstid frå 08.00-15.30 mandag til fredag
Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
Moglegheit for fagutvikling
Løn i samsvar med gjeldande overeinkomst
God pensjonsordning (KLP)
Me opererer ikkje med offentleg søkerliste.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar.
Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
- Sektor: Privat
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Helsesekretær, Sekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsesekretær, sekretær, voss dps
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 430990140
- Sist endret