Finance Head
Avery Dennison NTP AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Leiarrolla du har venta på – bli vår nye Økonomi Leiar!
Avery Dennison Norge ser etter ein handlekraftig Økonomi Leiar!
Her er sjansen for deg som vil meir enn å berre halde styr på tal. Vi treng ein strategisk og operativ økonomileiar som vil spele ei nøkkelrolle i leiinga, drive utvikling, og vere ein ekte businesspartner – frå dagleg drift til framtidsretta planlegging.
💼 Dette får du jobbe med:
Full kontroll på P&L, budsjett, rapportering og prognosar
Leie og utvikle økonomiavdelinga i Noreg
Vere tett på forretninga – og tett på beslutningane
Spele ei sentral rolle i strategiarbeid og vekst
🚀 Kven er du?
Har solid erfaring innan økonomi, controlling og leiing
Har utdanning innan rekneskap/økonomi – gjerne master
Elskar struktur, system og samarbeid
Er trygg på både norsk og engelsk – og på å ta plass
🔍 Du kjenner deg igjen i ord som:
Strategisk. Proaktiv. Analytisk. Framoverlent.
📩 Klar for å ta rekneskap til neste nivå?
Søk i dag og bli med på ei reise der du får påverke – lokalt og globalt.
Ferdigheter
- Bokføring
- Budsjett og resultatansvar
- Budsjettarbeid
- Finansiell kontroll
- Norsk
- Prognoser
- Rapportering
Om arbeidsgiveren
Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapets teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med produksjon i over 50 land og med meir enn over 36 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar.
Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportsklede, arbeidsklede og andre profilerte artiklar. Fabrikken er lokalisert 30 minutt frå Sogndal, omringa av flott natur med unike moglegheitar for friluftsliv. Det er her me har utviklet teknologi og produsert transfers i over 35 år. Våre 180 tilsette, fordelt over heile 24 ulike nasjonalitetar, leverer produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Avery Dennison NTP var tidleg ute med digitalisering, og har dei siste 15 åra fokusert hardt på utvikling av eigne datasystem til både tilsette og våre kundar. Det har gjeve oss et stort konkurransefortrinn, og det har bidratt stort til å lande store kundar som Premier League, Real Madrid, Liverpool FC med flere. Me sel no like mykje til den utanlandske marknaden som me sel til den norske.
Les meir på www.ntp.no og www.averydennison.com.
- Sektor: Privat
- Sted: Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne
- Bransje: Industri og produksjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Engelsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
økonomi, leiar, strategisk, budsjett, rapportering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 430625865
- Sist endret