Pedagogisk leiar
Klepp kommune, Orstad naturbarnehage
- Frist 16.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Orstad naturbarnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar
Likar du å vere ute i naturen og ser på naturen som ein fantastisk plass å leike, lære og oppdage? Og har lyst å jobbe saman med den kjekkaste gjengen?
Då må du søke jobb hjå oss!
Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Vi vil gje borna gode opplevingar gjennom leik og læring i naturen.
Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare læring. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage.
Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna.
Arbeidsoppgåver
- Leie og organisere det pedagogiske arbeidet i avdelinga i tråd med barnehagelova, rammeplanen og lokale føringar
- Leie og rettleie personalet på avdelinga
- Delta i barnehagen sitt leiarteam
- Bidra til ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet
- Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
- Foreldresamarbeid
- Bidra i barnehagen si heilskaplege drift
- Samarbeide med eksterne instansar for å sikre eit barnehagetilbod av høg kvalitet
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande
- Barnehagelærarar med relevante vidareutdanningar og master vert oppfordra til å søke
- Søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge må ha fått utdanninga si godkjent av Utdanningsdirektoratet (NOKUT). Dokumentasjon på dette må leggast ved søknaden for at den skal bli vurdert.
- Søkarar med eit anna morsmål enn norsk må dokumentere norskferdigheiter jamf. §28 i barnehagelova. Kravet gjeld ikkje for personar med samisk, svensk eller dansk som førstespråk.
- Godkjent politiattest
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ein autoritativ leiar
- Du likar å vere ute i naturen
- Du har eit brennande engasjement for barna sitt beste, og vil arbeide målretta og systematisk med dette
- Du har eit blikk for kvart einskild barn, og ser leiken som den viktigaste arenaen for trivsel, glede og læring
- Du trivest best med ein leikande og aktiv kvardag, og kan nytte uterommet like godt som romma inne
- Du har vilje til å sjå og mot til å handle når barn ikkje har det bra
- Du er raus, motiverande og byr på deg sjølve
- Du ser løysingar, er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
- Du har gode samarbeidsferdigheiter og er respektfull i møte med andre
Vi tilbyr
- Nærværsleiing og eit godt etablert samarbeid med tillitsvalte
- Eit sterkt fagleg og framoverlent profesjonsfellesskap, og eit arbeidsmiljø det er godt å væra ein del av
- System for rettleiing av nyutdanna
- Løn etter gjeldande avtaleverk, og pensjonsordning via KLP
- Gode lønnsbetingelsar for barnehagelærarar med relevant vidareutdanning
- Gode forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Elin Solheim Pedersen, Styrar, +47 45037317Arbeidsstad
Skogvegen 164353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5023222953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 429730980
- Sist endret