Elektrikarar, arbeidsleiar skip, gjenbruksoordinator, elektroreparatør, tavlemontør, elektroingeniør
VOLTI AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Elektrofagleg kunnskap? Vi søkjer deg.
Ynskjer du å arbeide i eit miljø tufta på utelukkande elektro- og automasjonsteknologi, der vi saman nyttar ny teknologi for å betre system, prosessar, og effektivitet for kunden? Då er VOLTI arbeidsplassen for deg.
Volti AS er ein aktør innan elektro-, og automasjonsbransjen, med fokus på nyskapande løysingar og banebrytande prosjekt. Vi er dedikerte til å skape ei berekraftig framtid, gjennom å integrere avansert teknologi og ekspertise, gjerne inn mot eldre eksisterande system.
Ved å gjenbruke materiell frå eldre skip, bistår vi med vedlikehald og vidare drift for eksisterande skip. Dette bidreg til å auke levetida på eksisterande tonnasje.
I tillegg oppgraderer VOLTI skipa med nyare teknologi for å betre drivstofforbruket og driftstryggleiken.
No ønskjer vi å utvide vårt talentfulle team og ser etter dyktige fagfolk som vil vere med på å forme framtida saman med oss.
Kva vi kan tilby:
Innovative prosjekt: Bli ein del av spennande prosjekt som utfordrar grensene for teknologisk framsteg og det "etablerte".
Profesjonell utvikling: Vi støttar din faglege og personlege vekst, og tilbyr kontinuerleg opplæring, og utviklingsmoglegheiter.
Inspirerande arbeidsmiljø: Jobb i eit dynamisk miljø med dedikerte kollegaer som deler din lidenskap for teknologi.
Konkurransedyktige fordelar: Attraktiv lønn, fleksible arbeidstider, samt gode sosiale goder.
Elektrikarar og arbeidsleiarar
Ansvarsområde:
Gjennomføre installasjon av elektriske anlegg ombord i skip og maritime installasjon i tråd med gjeldande standardar og forskrifter.
Utføre regelmessig vedlikehald for å sikre optimal yting og trygg operasjon av alle elektriske komponentar.
Gjennomføre testing og inspeksjonar av elektriske system for å sikre samsvar med kvalitetsstandardar.
Utføre naudsynte reparasjonar og bytte ut utstyr ved behov.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev elektrikar/gruppe L/DSB
God kjennskap til maritime tekniske anlegg
Gjenbrukskoordinator
Ansvarsområde:
Ansvarleg for VOLTI si gjenbrukssatsing, der VOLTI syt for å sikre kvalitet på gjenbrukt elektronikk, og elektromateriell, slik at kundar trygt kan nytte gjenbrukt utstyr til sine skip.
Koordinere demontering og preservering av utstyr.
Koordinere reparasjon og testing
Koordinere sal og marknadsføring av gjenbruksutstyr frå VOLTI.
Kvalifikasjonar:
Fagkompetanse frå skip (maskinist, mekanikar, elektroreperatør, serviceeletronikar, elektrikar, reparatør)
Elektroreparatør
Ansvarsområde:
Reparasjon og testing av elektro-utstyr, elektronikk etc.
Kvalifikasjonar:
Fagkompetanse frå skip (maskinist, mekanikar, elektroreperatør, serviceeletronikar, elektrikar, reparatør)
Slik søkjer du
Er du klar for å ta ditt neste karrieresteg med Volti AS? Send din søknad, CV og ein kortfatta presentasjon av deg sjølv med relevant erfaring innan 20.10.2025.
Søknadsfrist: 20.10.2025
Vi ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg lukke til med søknadsprosessen!
Volti AS er ein arbeidsgjevar som verdset mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Ferdigheter
- Elektrisk installasjonsarbeid
- Elektriske systemer
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
- Reparasjon
- Reparasjon av elektrisk utstyr
- Skipsinstallasjoner
- Testing av elektriske systemer
Om arbeidsgiveren
VOLTI AS er eit selskap etablert i Ulsteinvik, med avdeling for automasjon Ørsta.
Selskapet har behov for å utvide staben med bakgrunn frå maritim bransje (offshore og fiskeri) og oppdrett. Ved å bringje framtidsretta og berekraftige løysingar til maritim næring vil Volti bidra til å styrkje konkurranseevna til verftsindustrien og utstyrsprodusentar i Noreg, samt syte for at kundar får dra nytte av ny teknologi til å betre sine prosessar og dermed effektivisere sitt arbeide for å auke eigen produktivitet og kvalitet.
Arbeidsstad for stillingane i denne annonsa vil vere vår lokasjon ved Green Yard Kleven i Ulsteinvik.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 5
- Sted: Klubbenesvegen 39, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektroingeniør, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Automasjon, service, prosessautomasjon, kraftelektronikk, arbeidsleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 429223216
- Sist endret


