Bildegalleri
Hammond RT2 med 2-speed Leslie
Til salgs
50 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
1954 Hammond RT2 (serienr. 3581) med 21H(22W) 2-speed Leslie.
Eit fint eksemplar av veldig veldig få i Noreg (verda?) - eit kulturhistorisk klenodium!
Orgelet var kjøpt nytt av eit gravferdsbyrå i ein liten by i Indiana i USA i 1954. Der stod det til i 2013 då det vart seld, veldig fint bruka. Har altså ikkje stått i ei baptistkyrkje i ein sørstat eller i ein Jazz-club.
Ein Hammond-entusiast kjøpte det og selde det så vidare til meg i 2014 (han hadde fem B3 i stova, så kona var glad for å bli kvitt eitt orgel.. Mannen i huset var ikkje så begeistra for å selge det, men hadde eigentlig ikkje noko val.. 😅). Olja med original hammondolje jamnleg i mitt eige, og stått i oppvarma rom mellom 14 og 25 gradar sidan 2014.
Orgelet har utvida og kurva pedalbrett som følgjer AGO standard.
Sei frå om du eller nokon du kjenner er interessert. Det er ikkje så mange slike att her i verda, og spesielt ikkje eit originalt eksemplar frå 1954, som ikkje er spela i senk, og med alle tangentane og pedalane i orden!
Det veg ca. 250 kg til saman, og rulletraller følg med på kjøpet (festast med jekkstroppar i kvar ende. Solide traller med vinkeljern og solid konstruksjon, akkurat som orgelet.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.11.2025 kl. 19:05 ・ FINN-kode: 428809364




