Kultursjef
Klepp kommune
- Frist 21.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Kultursjef
Klepp kommune ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar. Kommunen har 22 000 innbyggarar. Landskap og natur i kommunen er prega av eit bølgande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender mot storhavet. Kommunen har et flatemål på 115 km2 og ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar.
Kommunen er organisert i tre hovedområder; samfunn og kultur, barn og unge og helse og velferd. Tenesteområde samfunn og kultur består av 4 verksemder, eigedom, plan- og forvaltning, kommunalteknikk og kultur. Tenesteområdet har om lag 160 tilsette. Om lag 25 av desse er tilsett på kultur.
I november 2026 flytter me inn i Plogen kulturhus. Der blir bibliotek, frivilligsentral og ungdomskultursenter samlokalisert for første gong i Klepp kommune. I tillegg får me ein ny kultursal og ein kafe som også blir lagt til verksemdområde kultur. Kultursjefen har også ansvar for samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, kulturlokal, idrett, fritidstilbod, kulturvernoppgåver, kulturformidling og samarbeid med kulturskulen.
Me ønsker oss ein kultursjef som er visjonær, nytenkande, strategisk og med god kjennskap til kulturfeltet og som har lyst å utnytte dei mogelegheitene som ligg i Plogen kulturhus til glede for innbyggjarar, lokalsamfunn og regionen vår. Ein sentral del av rolla er å skape engasjement og bygge nettverk gjennom å få det beste ut av medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
I rolla som kultursjef, er du ein pådrivar og bidragsytar i vidareutvikling av fagområdet, tenestene og kommunen, i samspel med politikken, andre delar av kommunen og eksterne aktørar. Kultursjef er ein del av leiargruppa til tenesteområde samfunn og kultur.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, budsjett- og økonomiansvar
- Strategisk utvikling og overordna leiing av verksemdområdet
- Utvikling av området for å sikre god ressursbruk og innbyggjardialog
- Utarbeide og sikre gode saksframlegg og beslutningsgrunnlag til politisk leiing og setja vedtak ut i livet
- Overordna leiing ved planlegging og gjennomføring av kommunen sine prosjekt innanfor fagområdet
- Fremja bruk av digitale arbeidsverktøy internt og i kommunikasjon med innbyggjarane
- Leggje til rette for og utvikle samarbeid internt og eksternt med frivillige aktørar og næringsliv
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning
- Du har leiarerfaring knytt til økonomistyring og personalleiing og gjerne fullført eller påbegynt utdanning innanfor leiing
- Du har god forståing av offentleg forvalting og politiske prosessar
- Du mestrer godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Du kan visa til gode resultat, både fagleg og når det gjeld samarbeid og kommunikasjon
- Du har god evne til planlegging og å handtera samansette prosessar
- Du har god digital kunnskap
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Pdf-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attestar må vera oversette til eit skandinavisk språk eller engelsk. Me gjer merksame på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Du utøver leiarskap, er samlande og motiverer dei tilsette
- Du har god gjennomføringsevne
- Du har god struktur og evne til heilskapleg planlegging
- Du er utviklings- og løysingsorientert
- Du er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- Du likar folk og viser det i din dialog med andre
- Du har evne til å sette kulturområdet i ein heilskapleg samanheng, t.d. når det gjeld økonomi og utvikling av tenester og prosjekt
Ved tilsetjing vil personlege eigeskapar og interesse for området bli tillagt stor vekt, og det er ønskjeleg at søkjar utfyller kompetansen som allereie er i kommunalsjefen si leiargruppe.
Vi tilbyr
- Me tilbyr ein fagleg utfordrande leiarjobb
- Me har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Me har fleksibel arbeidstid
- Me har gode forsikrings- og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- Me tilbyr utviklingsmuligheter for deg som leiar
- Me tilbyr lønn etter avtale
- Me har gratis parkering
- Me har bedriftsidrettslag
- Me tilbyr gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Me har Bedriftskunstforening
- Me tilbyr ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Økonomistyring
- Personalkontroll
- Prosjektgjennomføring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Event og arrangementer, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
idrett, trening, frivillighetsarbeid, fridtidskontakt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 428737050
- Sist endret