Lærar på Klepp ungdomsskule
Klepp kommune
- Frist 19.10.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar på Klepp ungdomsskule
Klepp ungdomsskule har ledig lærarstilling i 100 % frå 26.01.26. Vikariat til og med 01.02.2027, med mogleg forlenging.
Alle lærarar kan søkja. Kroppsøving må vera eit av faga dine. Matematikk er også ønskeleg, men andre fag er og aktuelle. Praktisk estetiske fag er alltid aktuelt.
Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju.
Velkommen til ein spennande arbeidsplass!
Arbeidsoppgåver
Undervisning på 8.-10. trinnKvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning som kvalifiserar for undervisning på ungdomssteget
- Erfaring med klasseleiing og undervisning er ønskeleg
- Det vil bli vektlagt skulen sine behov og personlege eigenskapar
- Før ein eventuelt tiltrer stillinga må godkjent politiattest og tuberkulinprøve leggjast fram
Me ber om at alle attestar og vitnemål som er aktuelle for rett lønsplassering blir lagt ved søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er ein tydeleg klasseleier med fokus på gode relasjonar
- Du er fagleg engasjert og utviklingsorientert
- Du er løysingsorientert, fleksibel og har evnen til å jobbe aleine
- Du har høg arbeidskapasitet
- Du har godt humør og tek ansvar for at dei rundt deg har det bra
Vi tilbyr
Vår visjon for elevane er å bli den beste du kan bli! Me ønskjer å vera trygge og tydelege vaksne for elevane, og engasjerte i heile menneske.Klepp ungdomsskule er ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Me har fokus på samarbeidslæring og gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne. Skulen har gode system som gjer det enklare å bruka tid på å få til god læring.
Du blir ein viktig deltakar på eit godt lag på Klepp ungdomsskule!
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.
FerdigheterAI-generert
- Matematikk
- Praktisk-pedagogisk utdanning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Stasjonsvegen 26B, 4352 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærer, Ungdomsskole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 428721454
- Sist endret