Direktør for Ryfylkemuseet
Ryfylkemuseet
- Frist 23.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie eit museum som tek vare på kulturarven i Ryfylke og gjer han levande for nye generasjonar?
Ryfylkemuseet tek vare på kulturminne, bygningar, gjenstandar og historier frå heile regionen. Vi driv aktiv formidling og forsking, og er ein møteplass for både lokalbefolkning og tilreisande. Med eit rikt grunnlag og spennande vekstpotensial søkjer Ryfylkemuseet ein direktør som vil utvikle museet gjennom aktuelle utstillingar, nyskapande formidling og faglege prosjekt. Som direktør får du høve til å vidareutvikle museet sitt samfunnsoppdrag og sikre at kunnskapen og kulturarven vår blir tilgjengeleg og relevant for fleire.
Sentrale arbeidsoppgåver
Som direktør er du øvste leiar for museet, med ansvar for både drift, fagleg utvikling og økonomi. Du skal:
Utvikle og følgje opp planverk og faglege satsingar
Representere museet i dialog med kommunar, institusjonar, lag og publikum
Leie organisasjonen og følgje opp dei tilsette
Sikre økonomistyring, budsjettering og årsrekneskap
Rapportere til styret og tilskotsgivarar
Stillinga inneber noko reiseverksemd i regionen og krev førarkort.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein leiar som kombinerer gjennomføringsevne med evne til å engasjere og samle andre. Du har gjerne erfaring frå museum eller kulturfeltet, men vi er òg opne for annan relevant bakgrunn.
Vi ser etter deg som:
Har dokumentert leiarerfaring og resultat
Har høgare utdanning innan relevante fag
Har solid økonomiforståing og erfaring med styring
Samarbeider godt, men tek òg tydelege avgjerder
Kommuniserer klart, både skriftleg og munnleg
Har evne til å gjere museet synleg og relevant for fleire
Vi tilbyr
Eit viktig samfunnsoppdrag i ein sentral kulturinstitusjon
Høve til fagleg og personleg utvikling
Eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid og medlemskap i KLP
Kontor med utsyn mot fjord og fjell
Vi ønskjer at direktøren bur i regionen, og kan tilby praktisk hjelp i samband med flytting
Send søknad innan 23.10.25 gjennom det elektroniske søknadsskjemaet. Spørsmål om stillinga kan rettast til Skogstad&Co.
FerdigheterAI-generert
- Budsjettarbeid
- Controlling
- Økonomistyring
- Utarbeide årsregnskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum som består av 20 unike kulturdestinasjonar. Me har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen, og tek vare på rundt 80 bygningar med historisk verdi. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal.
Formålet til Ryfylkemuseet er å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar knytte til vår kulturarv, og ein samfunnsaktør som bidreg til positiv bygdeutvikling. Museet har fleire fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 4230 Sand
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne, PR, informasjon og kommunikasjon, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
destinasjonsutvikling, kultur, bygningsteknikk, historie, museum
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 428605511
- Sist endret