Lærarvikar
Hjellvik Montessoriskule
- Frist 12.10.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Lærarvikariat
Me søkjer etter lærarvikar frå 01.01.26-1.10.26, med moglegheit for forlenging. Vikariatet er for lærar i permisjon.
Søkarar med kjennskap/interesse for montessoripedagogikk er ønskeleg.
Stillinga innebêr kontaktlæraransvar og undervisning for elevar på 5.-7. trinn.
Me søker deg med følgande kvalifikasjonar:
Godkjent lærarutdanning for grunnskule.
Eventuelt anna pedagogisk utdanning.
Kompetanse eller erfaring innan montessoripedagogikk. Alternativt har du eit ynskje om å læra meir og forstå montessoripedagogikken.
God kompetanse innan klasseleiing.
Evne til god relasjon med føresette, elevar og kollegaer.
Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
Arbeidsoppgåver
Organisere og gjennomføre undervisning.
Skule-heim samarbeid.
Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
Me kan tilby:
Ei stilling med moglegheit for vidareutvikling både fagleg og personleg.
Eit spanande og utviklande profesjonsfellesskap.
Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Arbeidsplass i idylliske omgjevnadar i nærleiken til sjø og skog.
Spanande og variert arbeidskvardag.
Gode arbeidsforhold, der lærar fungerer som tilretteleggar og veiledar i eit miljø der undervisninga er tilpassa den enkelte elev.
Lønn etter gjeldende avtaleverk.
Gyldig politiattest iht. opplæringslovens §10-9 må leggast fram før oppstart. Personlege eigenskapar vil vektleggast.
Spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Solveig Berisha tlf. 414 13 334
Søknaden med CV sendast til post@hjellvikskule.no
Søknadsfrist: 12.10.25
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Hjellvik Montessoriskule er ein fådelt skule med 58 elevar fordelt på 1. - 7. trinn. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnadar med nærleik til sjø, fjell og skog. Skuledagane inneheld presentasjonar av fagstoff, arbeid med materiell og tilpassing for den enkelte elev. Uteområdet vert aktivt brukt som læringsarena. Me er eit engasjert personale som jobbar etter mål om læringsglede.
- Sektor: Privat
- Sted: Hjellvikvegen 720, 5281 Valestrandsfossen
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærer, allmennlærer, montessori, barneskole, montessoripedagog
(1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427521197
- Sist endret