Fagarbeider innan elektro
Finnås Kraftlag AS
- Frist 23.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Elektrobakgrunn og lyst på nye utfordringar?
Er du glad i praktisk arbeid, likar å løyse utfordringar og trivst med å møte folk? Hos oss får du varierte arbeidsdagar der du jobbar både sjølvstendig og i team. Du vil få ansvar for installasjon, service og dokumentasjon av oppdrag. Ein viktig del av jobben vil også vera å ha god dialog med kundane våre.
Arbeidsoppgåver
Utføre arbeid etter tildelt arbeidsordre, som service, installasjon og drift av fibernettverk.
Kontakt med kundar ved blant anna feilretting og kundeoppkobling.
Installasjon og skøyting av fiberkablar.
Utføre arbeidsoperasjonar etter fagleg god standard.
Syta for at det vert utført godt HMS arbeid på arbeidsstaden.
Syta for at rette vedkommende får dokumentasjon etter arbeidsoppdraget er utført.
Andre arbeidsoppgåver som vert gitt av overordna.
Me ser etter deg som
har utdanning innan elektrofag.
er lærevillig og open for opplæring, du treng ikkje kunne alt frå før.
likar å møte folk og er flink til å bygge relasjonar.
er opptatt av å yte god service og levere arbeid av høg kvalitet.
er trygg i bruk av smarttelefon og moderne digitalt utstyr.
ikkje er redd for høgder – jobben inneberer arbeid i stolpar.
har førerkort klasse B.
beherskar norsk, både munnleg og skriftleg.
Me tilbyr
Gode løns- og pensjonsvilkår.
Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
Fagleg oppdatering gjennom relevante kurs.
Moglegheit til å ta fagbrev som telekommunikasjonsmontør.
Variert og lærerik arbeidskvardag.
Velferdshytte, og sosiale aktivitetar.
7,5t arbeidsdag der matpause inngår i arbeidstida.
Ein god dag på jobb handlar for oss om meir enn teknikk - det handlar om å møte menneske, finne løysingar og bidra til at kvardagen deira fungerer. Kjenner du deg igjen? Då håpar me du søkjer!
Ferdigheter
- Arbeid i høyden
- Bruke IKT-systemer
- Dokumentasjon
- Fiberoptisk kabel
- Norsk
- Nyinstallasjon og vedlikehold på elektro
Om arbeidsgiveren
Finnås Kraftlag AS leverer fiberbreiband til heile Bømlo, med unnatak av Brandasund. Selskapet eig fibernettet som sørger for lynraskt breiband til alle kundar frå Skinnhueneset i nord til Espevær i sør.
SERVICEVENNLEGE ◦ DYKTIGE ◦ RETTSKAFNE ◦ OFFENSIVE
Dette er verdiar me set høgt, og som våre tilsette skal ha med seg i alt dei gjer i arbeidet sitt.
- Sektor: Privat
- Sted: Hollundsdalen 1, 5430 Bremnes
- Bransje: Elektronikk, Kraft og energi, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Elektriker, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
elektrofag, kundekontakt, fagbrev, fiberkablar
Me é der når nåke skjer! (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 427477913
- Sist endret
