
Bildegalleri
Gamlingar løner seg ikkje
Til salgs
Frakt fra 19 kr + Trygg betaling 39 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Ei samling av dei beste petitane frå ein av dei mest særprega vestlandske skribentane.
Gjennom mange år i Bergens Tidende har Asbjørn Kristoffersen på sitt briljante og surmaga vis vore ei skarp stemme i samfunnet. Ingen er spart når Kristoffersen kvesser pennen, og tematisk strekker det seg frå digitalisering av gamlingar til helse-fanatisme, Brann, moderne design, speltbrød og stå opp-komikarar.
Tekstane er kvasse, rammande og alltid poengterte. Stilistisk står Kristoffersen i den vestlandsfandenske tradisjonen til Einar Førde og Erling Lægreid, og han er ein av dei som best dyrkar det nynorske tvisynet i arven etter Aasmund Olavsson Vinje.
Med forord av Frode Grytten og hyllingsdikt av Erlend O. Nødtvedt.
Vi føder ikkje barn i eit busskur og ligg ikkje på sjukehuskorridorar med intravenøs foring for at innsparte midlar skal forsvinna ned i eit mørkt hol inst i Oslofjorden. Du har hørt om Vestlandsfanden, herr Helseminister? Hit med pengane, eller så kjem han og tek deg.
[FRA BOKA]
ASBJØRN KRISTOFFERSEN (f. 1947) har vore journa-list i Bergens Tidende sidan 1974. Han har skrive fleire reportasjebøker, og fekk i 2015 Gullparaplyens heiders-pris, som blir utdelt av Bergen Journalistlag for å fremje god journalistikk i alle sjangrar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 14.11.2025 kl. 13:13 ・ FINN-kode: 426123609




