Bildegalleri
Norsk historie 1814-1905
Til salgs
Frakt fra 39 kr + Trygg betaling 39 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Av Jan Eivind Myhre
Bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå å vere underordna i ein union med Danmark til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Begge forteljingane er nær knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen. Jan Eivind Myhre er professor emeritus i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo. Hans arbeidsfelt er moderne norsk og europeisk historie etter 1800, med særleg vekt på sosialhistorie, befolkningshistorie, migrasjonshistorie, byhistorie og historiografi. Myhre har tidlegare utgitt ei rekkje bøker og mellom anna vore medforfattar på verka Norsk innvandringshistorie (2003) og Norsk byhistorie 700-2000 (2006).
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.9.2025 kl. 09:36 ・ FINN-kode: 425705343





