Maskinansvarleg på slakteriavdelinga
Eide Fjordbruk
- Frist 21.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Ta del i å setje standarden for framtidas havbruk som maskinansvarleg
Eide er eit familieeigd selskap og blant pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, sik at me kan produsera mat i sjøen på ein berekraftig måte.
Me har nyleg gjennomført oppkjøp av slakteriet i Brandasund, som er ei viktig langsiktig satsing for Eide. Med eige slakteri har me kontroll over heile prosessen og kvaliteten på vårt produkt. Slakteriet skal vere eit føregangsslakteri innan kvalitet, HMS, berekraft og bruk av restråstoff.
Om rolla
I rolla som maskinansvarleg vil du saman med teamleiar i avdelinga ha eit særskilt ansvar for at sløyemaskinane våre til ei kvar tid er vedlikehaldne og leverer slik dei skal – både med omsyn til effektivitet og kvalitet. Dei seks maskinane våre er av merke Baader og krev systematisk tilsyn og ettersyn om dei skal levere slik me ønskjer. Daglege justeringar for å tilpasse seg både storleik og form på fisken, montering og demontering for å sikre godt reinhald, overvaking av data for systematisk å følgje med på korleis dei presterer. Me er på leit etter ein kandidat som er oppteken av å førebyggje, tilpasse og halde maskinane i god stand. I rolla vil du også ta aktivt del i produksjonen slik at du kjem tett på prosessane og utfordringane.
Arbeidsoppgåver inkluderer mellom anna:
Mekanisk tilpassing og justering av maskinverktøy
Førebyggjande vedlikehald
Reparasjonar
Reservedelslager
Klargjering og demontering
Aktiv deltaking i produksjonen og betjening av maskinane
Arbeidsplassen vil vere ved vår fabrikk i Brandasund i Bømlo kommune.
Kven er du?
Er du framoverlent og oppteken av effektivitet og nøyaktighet i prosessar kan du vere den me ser etter. Me ønskjer at du har teknisk bakgrunn, anten innanfor automasjon eller mekanisk. Har du i tillegg bakgrunn frå industri/produksjonsbedrift, vil det vere svært positivt. Om du ynskjer spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø, då vil me gjerne høyre frå deg.
Ønskja kvalifikasjonar:
Teknisk bakgrunn, gjerne fagbrev
Systematisk og nøyaktig
Auge for detaljar og ønskje om forbetring
Trivest i eit hektisk miljø
Fleksibel med tanke på arbeidstid
Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
God forståing av effektiv og kvalitetsretta produksjonsflyt
Eide tilbyr:
Godt arbeidsmiljø
Faglege utfordringar
Konkurransedyktige lønsvilkår, forsikrings- og pensjonsordningar
Din kompetanse og ditt bidrag vil vere svært viktig for verksemda si vekst og drift i framtida. I Eide kjem du inn i ei verksemd som tør å satse både på våre visjonar og på våre folk.
Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy».
Søknadsinformasjon
Me ønskjer deg velkomen til å sende inn søknad, CV og relevante dokument via vårt rekrutteringssystem. Merk at berre søknader som kjem inn gjennom systemet blir behandla; søknader sendt direkte på e-post blir ikkje vurderte.
Har du spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med produksjonsleiar Monica Urang: monica.urang@efb.no / +47 97 71 02 42.
FerdigheterAI-generert
- Automatisering
- Demontere utstyr
- Forebyggende vedlikehold
- Maskinarbeid
- Reparasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: Brandasund. Norge, 5423 Brandasund
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Fiskeri og oppdrett, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk, Teknisk personell
Nøkkelord
maskinansvarleg, havbruk, vedlikehald, sløyemaskin, mekanisk
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 425404788
- Sist endret