Dagleg leiar
Årdal Rør & Sanitær AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 800 000 krMoglegheit for eigarskap i bedriften
Dagleg leiar – med moglegheit for eigarskap
Bygg di eiga røyrleggjarbedrift – i samarbeid med oss
Årdal Rør & Sanitær AS søkjer ny arbeidande dagleg leiar. Me ser etter deg som ønskjer
meir enn berre ein jobb – du ønskjer å vera med på å eiga, utvikla og byggja opp di
eiga verksemd.
Den rette kandidaten vil få tilbod om 15 % eigarskap i selskapet og vil spela ei nøkkelrolle i
framtida til Årdal Rør & Sanitær.
Arbeidsoppgåver
• Leie og utvikla den daglege drifta
• Vere ein synleg og arbeidande leiar i oppdrag og prosjekt
• Kundekontakt og tilbodsskriving
• Personalansvar og rekruttering
• Økonomisk og administrativ oppfølging
Kven er du?
• Har fagbrev som røyrleggjar – gjerne med teknisk utdanning i tillegg
• Har relevant erfaring – gjerne som leiar, prosjektleiar eller sjølvstendig røyrleggjar
• Er strukturert, ansvarsfull og god på kundedialog
• Har førarkort klasse B
• Har lyst å vera med å forma framtida for ei lokal bedrift
Me tilbyr
• Tilbod om 15 % eigarskap i selskapet
• Stor fridom og påverknadskraft
• Konkurransedyktige vilkår
• Moglegheit for firmabil og telefon
• Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
• Ein spanande kvardag i ei etablert, men nytenkjande bedrift
Ferdigheter
- Teknisk utdannelse
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Me har levert røyrleggjar-tenester i over 20 år og held til i nyoppussa butikklokale midt i
Årdalstangen sentrum. Verksemda har i dag fire tilsette og éin lærling, og me opplever stor
etterspurnad etter tenestene våre.
Nøkkelord
dagleg leiar, eigarskap, røyrleggjarbedrift
Annonseinformasjon
- FINN-kode 422968191
- Sist endret