Miljøarbeider
Ulvik herad
- Frist 26.9.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Ledig mellombels stilling som miljøarbeidar
Ulvik herad skal tilsette miljøarbeidar til familie i privat heim som kan bidra på kveldstid i samband med kveldsstell og legging. Familien opplev utfordringar relatert til åtferd, noko som fører til vanskar med å etablera gode og stabile leggerutinar.
Tiltaket er eit avlastningstiltak med heimel i helse og omsorgstenetestelova. Som miljøarbeidar blir du tilsett i Ulvik herad. Ein ser føre seg eit omfang på 3-4 timar kveldstid, fleire dagar i veka. Stillingsstorleik kan bli drøfta ved tilsetjing frå 30-50% stilling. Det kan bli aktuelt med fast tilsetjing dersom ordninga fungerer bra.
Tilsett vil få støtte og rettleiing frå SPIRA – Ulvik herad si barne og familieeining. Ved tilsetting er det eit krav om gyldig politiattest.
Arbeidsoppgåver
Vera til stades og hjelpa familien på kveldstid. Kva slags hjelp det er tale om kan variera, men hovudmålet er at legging vert meir føreseieleg og strukturert ved hjelp av gode rutinar.
Døme på arbeidsoppgåver:
Bidra til å etablera gode og stabile rutinar rundt kveldsstell og legging
Ved rett kompetanse kan det vera aktuelt at tilsett kan få ein rettleiingsfunksjon inn mot familien
Mål
Skapa gode rutinar og varige positive endringar
Struktur, grensesetting og regulering
Me søker deg som
Er ansvarsbevisst, fleksibel og personleg eigna
Er stødig, roleg og trygg på deg sjølv
Kan rettleia og vera ein god rollemodell
Har gode samarbeidsevner
Ynskja kvalifikasjonar
Utdanning/fagbrev innan området barn og ungdom, men ved rett kompetanse/erfaring kan andre søkarar vurderast
Erfaring frå arbeid med born og unge, gjerne med spesielle utfordringar
Personleg eignaheit vert særleg vektlagd
Førarkort klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, Kun hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøarbeidar, familie, privat heim, kveldstid, kveldsstell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 422727469
- Sist endret