NGIR IKS søkjer Assisterande leiar for Kunderettleiing og Gjenvinningsstasjonar
NGIR IKS
- Frist 31.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med og skap framtidas gjenvinning!
Er du ein trygg og engasjert leiar som trivst med å jobbe tett på både folk og praktiske løysingar? Har du lyst til å vere med og utvikle tenester som gjer ein forskjell for både kundar og miljøet? Då kan du vere den vi ser etter!
Din rolle hos oss
Som assisterande leiar får du ei nøkkelrolle i den daglege drifta av avdelinga for Kunderettleiing og Gjenvinningsstasjonar. Du blir ein viktig støttespelar for leiar og får ansvar for både kundekontakt og drift av gjenvinningsstasjonane i regionen. Dette inneber både operativt arbeid og administrative oppgåver, og du vil vere med på å sikre at kundane våre får ei god oppleving – anten dei tek kontakt digitalt, på telefon eller kjem innom ein av stasjonane våre.
Du vil bidra til planlegging og koordinering av arbeidsoppgåver, og sørgje for at drifta er i tråd med gjeldande lover og forskrifter. Når leiar er fråverande, vil du ha ansvar for økonomi, personal og HMS. Du vil også vere med på opplæring og kompetanseutvikling for tilsette, følgje opp kurs og sertifikat, og bidra til vedlikehald og utvikling av anlegg og utstyr. I tillegg vil du spele ei viktig rolle i arbeidet med å effektivisere og vidareutvikle tenestene våre.
Dette er ei variert og meiningsfull stilling der du får kombinere leiaransvar med praktisk innsikt og tett kontakt med både kundar og kollegaer.
Kven er du?
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, strukturert og har god gjennomføringsevne. Du trivst med ansvar, er god til å kommunisere og har respekt for både kollegaer og kundar. Du har evne til å sjå heilskapen, men også auge for detaljar – og du motiverast av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode tenester.
Vi ønskjer at du har høgare utdanning og leiarerfaring, men lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanning. Du må kunne uttrykke deg godt både munnleg og skriftleg på norsk.
Kvifor velje NGIR?
NGIR IKS (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap) er eit interkommunalt selskap som leverer renovasjonstenester til innbyggjarane i Nordhordland og Gulen. Vi er ein viktig aktør i det grøne skiftet og jobbar kvar dag for å sikre berekraftige og framtidsretta løysingar innan avfallshandtering og gjenvinning.
Hos oss får du ein arbeidskvardag med høg fagleg kvalitet, eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø, og moglegheita til å påverke og utvikle både tenester og organisasjon. Vi har eit sterkt fokus på samarbeid, kompetanse og kontinuerleg forbetring – og vi trur på at dei beste resultata kjem når vi spelar kvarandre gode.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, og har til saman 100 tilsette og omset for om lag 199 millionar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Annet, Ledelse
Nøkkelord
gjenvinning, drift, kompetanseutvikling, avfallshandtering, berekraftig
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 421957530
- Sist endret