Arbeidsveileder
Austevoll ASV AS
- Frist 5.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye arbeidsrettleiar i produksjonshallen?
Austevoll ASV søker Arbeidsrettleiar i produksjonshallen.
Ynskjer du å jobbe med å bidra til at menneske med behov for tilrettelagt arbeid får utvikling og moglegheiter i arbeidslivet? Er du i tillegg praktisk/teknisk anlagt og trivast med å jobbe i ei produksjonsavdeling, kan du være rett kandidat for oss.
Ein arbeidsrettleiar har ansvaret for å følge opp og rettleie våre tiltakstilsette. Våre deltakarar har tilrettelagte arbeidsoppgåver og arbeidstid. I kvardagen møter ein menneske med psykiske og/eller fysiske utfordringar, og derfor må ein arbeidsrettleiar ha gode personlege eigenskapar og kompetanse til å handtere ulike menneske og situasjonar.
Produksjonshallen har fleire viktige oppgåver i lokalsamfunnet og internt som spleiseoppdrag og køyreoppdrag samt motor og trearbeid. For meir informasjon om arbeidsoppgåvene, gå inn på www.austevoll-asv.no
Arbeidsoppgåver vil være:
· Utarbeide individuelle planar saman med tiltaksleiar og Hovudoppgåvene til en arbeidsleiar er å rettleie, gi opplæring, følge opp og tilrettelegge arbeidsdagen for arbeidstakarar i tiltaka, og sjølv delta i arbeidet.
· Journalføring
· Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
Kvalifikasjonar:
Relevant fagbrev innan yrkesfag
Evne til å jobbe målretta, strukturert og løysingsorientert
Førarkort klasse B
ynska kvalifikasjonar:
Brei erfaring med praktisk arbeid
Erfaring med opplæring, veiledning og undervisning
God kjennskap til lokal arbeidsmarknad og behov
Gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk både skriftleg og munnleg
Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
God relasjons- og nettverksbygger
Tydeleg i kommunikasjonen
Ha gode samarbeidsevner
Resultatorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Trivs med hektiske dagar med krav til omstillingsevne og stor grad av fleksibilitet
Engasjert i målgruppa og løysingsorientert
En positiv bidragsytar til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
En variert arbeidskvardag med handlingsrom.
En meiningsfull og variert arbeidskvardag
Kunnskap om relevante verktøy og metodikk som nyttast i tilbodet
Spennande, utviklande og varierte arbeidsoppgåver
Et dynamisk miljø i stadig utvikling
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Politiattest må framleggas fram ved tilsetting
Ferdigheter
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll ASV er ei godkjend tiltaksbedrift som sysselset arbeidstakarar som i ein kortare eller lengre periode har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass. Me held til på Eidsbøen i Austevoll kommune. Me har eige vaskeri, produksjonshall, hjelpemiddellager, brukt butikk, kantinedrift og drivhus.
Her kan du bli en del av vårt mangfaldige arbeidsmiljø og bidra til å gi folk moglegheiter. Hos oss skal me legge til rette for trivsel, motivasjon og individuell utvikling. Bli med å jobbe for auka arbeidsinkludering og samfunnsdeltaking for alle. Me treng deg som brenn for fagutvikling og som motiverast av å bidra til at andre lykkast.
- Sektor: Privat
- Sted: Nordre Eidsbøen 20, 5392 Storebø
- Bransje: Industri og produksjon, Miljøtjenester, Trevareindustri
- Stillingsfunksjon: Håndverker, Teknisk service, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
arbeidsrettleiar, opplæring, personlege eigenskapar, tverrfagleg samarbeid, fagbrev
Annonseinformasjon
- FINN-kode 421942936
- Sist endret