Arbeidsleiar Elektro
Ulstein Elektro Installasjon AS
- Frist 14.09.2025
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsleiar Elektro
Vil du bli med på å utvikle vår vedlikehaldsavdeling innan elektro?
Vedlikeholdsavdelinga ser behov for å styrke fagområdet innan elektro installasjon og søker difor etter ein Arbeidsleiar Elektro. Som Arbeidsleiar får du ansvar for eigen kvardag og eit utvida ansvar opp i mot vedlikehald og reparasjon av elektriske installasjonar og utstyr på anlegget. Du vil bli ein del av eit dyktig og sosialt team innan vedlikehald som har stort fokus på kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. Dette er ei unik moglegheit om du set personleg utvikling høgt.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og leiing av arbeid.
- Time- og bemanningskontroll av eigne og innleigde ressursar.
- Rapportering av framdrift i samsvar med planlagt aktivitet.
- Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar.
- Vedlikehald, kontroll og ettersyn av teknisk anlegg/utstyr.
- Foreta nødvendig utbetring på utstyr og anlegg.
- Dokumentere i henhald til regelverk for elektriske installasjonar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar/elektromontør gruppe L.
- Praktisk og teknisk elektrofagleg forståing.
- HMS forståing og haldning inn mot el-sikkerheit.
- Tverrfagleg forståing er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Godt humør, engasjert og med god arbeidsmoral.
- Sjølvstendig, og med høge krav til eige arbeid.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Resultatorientert
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
FerdigheterAI-generert
- Elektrisk installasjonsarbeid
- Elektroindustri (bransje)
- Kvalitetsprosess
- Reparasjon av elektrisk utstyr
- Reparasjon av elektronikk og mekanikk
- Vedlikehold (elektrisk)
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Elektronikk, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektroingeniør, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Arbeidsleder, Elektro, Elektronikk, Maritim, Elektro
Annonseinformasjon
- FINN-kode 421501043
- Sist endret