Trafikkdirigent
Søvik og Ramstad AS
- Frist 31.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledige stillingar
Søvik & Ramstad AS søker fleire tilsette grunna auka oppdragsmengde
Me har ledige stillingar som trafikkdirigent og har også behov for ein handmann. Oppstart kan skje umiddelbart, så dersom du er klar til å byrje i arbeid med ein gong, vil me gjerne høyre frå deg. Det er viktig at du kan kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk.
Trafikkdirigent
Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav – me sørgjer for at du får all nødvendig opplæring. Me organiserer kurs i Arbeidsvarsling 1 og 3. Førarkort klasse B er eit krav, og det er ein fordel dersom du også har klasse BE.
Handmann
Det er ein fordel om du har maskinførarbevis og førarkort klasse T.
Kva me tilbyr
• Ein variert arbeidskvardag
• Eit godt arbeidsmiljø
• Løn og vilkår i tråd med tariffavtale
Arbeidsområdet vil hovudsakleg vere i Etne, Røldal, Suldal og Haugalandet.
Arbeidsoppgåver for trafikkdirigentar
• Manuell trafikkdirigering
• Ledebilkjøring
• Oppsetting, kontroll og nedtaking av mellombels skilting
• Kommunikasjon på norsk
Arbeidet skjer som oftast i samband med planlagde vegarbeid, men me rykker også ut ved akutte situasjonar som flaum, ras eller andre hendingar som påverkar framkomst på vegen.
Er du klar til å bli ein del av vårt team? Send oss di søknad i dag!
Karoline - karoline@sovik-ramstad.no
Rina - rina@sovik-ramstad.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: 5590 Etne
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Hjelpearbeider, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
trafikkdirigering, arbeidsvarsling, handmann
Annonseinformasjon
- FINN-kode 421265980
- Sist endret