Barne og ungdomsarbeidar/ assistent - stillingar - Fast 85 % - Meland ungdomsskule
Alver kommune
- Frist 17.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Barne og ungdomsarbeidar/ assistent - 85 % stilling - fast -Meland ungdomsskule
Om stillinga
- Det er ledig stillingar som barne og ungdomsarbeidar ved Meland ungdomsskule.
Stillinga føl skuleruta, i undervisningsfrie periodar vil du ha arbeidsfri.
Med omtrent 200 elevar og eit personale på vel 30 dyktige medarbeidarar, er skulen vår prega av mangfald og fellesskap. Vi er stolte over å vere ein MOT-skule med stort fokus på eit positivt og støttande læringsmiljø, der vi har som mål å skapa ein trygg og triveleg skulekvardag for alle våre elevar.
For at elevane skal få eit godt grunnlag for å meistra livet sitt vidare, satsar vi på utvikling av sosiale ferdigheiter og ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnlege ferdigheiter. Inkluderande undervisning, elevmedverknad, den aktive eleven, og relasjonskompetanse er viktige satsingsområde for oss.
Arbeidsoppgåver
- Gi individuell hjelp og rettleiing til elevar med særskilde behov (både fagleg og sosialt).
- Delta i planlegging og gjennomføring av undervisning og tilpassa opplegg i samarbeid med lærar.
- Leggje til rette for eit trygt og inkluderande læringsmiljø, der alle elevar kjenner tilhøyrsle.
- Vere ein trygg vaksenperson og rollemodell for elevane, både i og utanfor klasserommet.
- Observere elevar og rapportere endringar i åtferd, trivsel eller læring til lærar eller leiing.
- Hjelpe elevar i overgangen mellom aktivitetar og bidra til å oppretthalde struktur og ro i kvardagen.
- Følge opp elevar i friminutt og pausar, og bidra til positivt sosialt miljø.
- Delta i foreldresamarbeid ved behov saman med lærarar.
- Handtere og forebygge konflikter mellom elevar, og støtte dei i å utvikle gode konfliktløysingsstrategiar.
- Delta på møter og fagleg rettleiing, som t.d. samarbeidsmøte, ansvarsgruppemøte, teammøte og trinnmøte.
- Bidra med praktisk tilrettelegging i skulekvardagen, som organisering av turar, ekskursjonar og aktivitetar.
- Bruke digitale verktøy for å støtte elevane i læringa eller dokumentere arbeid.
- Gi hjelp og støtte til elevane i livsmeistring og psykisk helse, som t.d. hjelp til å handtere stress, angst eller press.
- Følgje opp elevar med behov for veiledning i kommunikasjon, samspel og eventuelle medisinske behov.
Kvalifikasjonskrav
Den som vert tilsett bør ha fagbrev som barne - og ungdomsarbeidar men tidlegare arbeid med ungdommar og personlege eigenskaper kan bli legt vekt på i tilssetjinga.
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er flink til å samarbeide med kollegaer, foreldre og andre involverte for å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane. Ditt positive syn på elevane og fokuset på inkludering, er ein viktig eigenskap.
Du har god evne til å organisere og planlegge arbeidsoppgåver på ein effektiv måte, noko som bidrar til ein godt strukturert og føreseieleg kvardag for elevane.
God relasjonskompetanse er ein viktig eigenskap. Du har evna til å bygge sterke band med ungdommane, lytte til deira behov, vise empati og skape ein støttande atmosfære. Dette gjer at ungdommane føler seg trygge, sett og ivaretatt.
Med din fleksibilitet, positive innstilling og løysingsorienterte tilnærming, er du ein ressurs når utfordringar må handterast. Du er trygg i møte med nye oppgåver og er interessert i å lære og utvikle deg i møte med nye kompetansekrav.
Politiattest
Godkjend politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast ved tiltrede.
Vi tilbyr
Spanande jobb med gode vilkår for fagleg utvikling
Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring.
Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
God pensjonsordning i KLP
FerdigheterAI-generert
- Bruke verktøy
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Skulen vår har ein stolt historie og ei utruleg utsikt over fjorden og naturen som omgir skuleområdet. Med omtrent 200 elevar og eit personale på vel 30 dyktige medarbeidarar, er skulen vår prega av mangfald og fellesskap.
Vi er stolte over å vere ein MOT-skule med stort fokus på eit positivt og støttande læringsmiljø, der vi har som mål å skapa ein trygg og triveleg skulekvardag for alle våre elevar.
For at elevane skal få eit godt grunnlag for å meistra livet sitt vidare, satsar vi på utvikling av sosiale ferdigheiter og ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnlege ferdigheiter.
Inkluderande undervisning, elevmedverknad, den aktive eleven, og relasjonskompetanse er viktige satsingsområde for oss.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Havnevegen 51, 5918 Frekhaug
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Skoleassistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 420746794
- Sist endret