inspektør
Arbeidstilsynet
- Frist 24.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å jobbe for eit godt og lovleg arbeidsliv i Noreg?
Inspektør - A-krim
Arbeidstilsynet, Bergen
Har du lyst til å jobbe for eit godt og lovleg arbeidsliv i Noreg?
Har du lyst til å vere aktiv, synleg og til stades i arbeidslivet i kampen mot sosial dumping, useriøsitet og arbeidslivskriminalitet?
Da har du moglegheita!
Vi søker inspektør/seniorinspektør til spennande stilling innanfor eit viktig fagfelt i stadig utvikling. Vi søker deg som ønsker å bidra til eit seriøst og anstendig arbeidsliv, samtidig som du blir motivert av tverretatleg samarbeid for å kartlegge og avdekke arbeidslivskriminalitet.
Arbeidstilsynet skal legge premissar for, og følge opp, at verksemder held eit høgt nivå med omsyn til helse, arbeidsmiljø og sikkerheit, og sørge for seriøse og lovlege arbeidsforhold. Vi skal på eit fagleg og sjølvstendig
grunnlag følge opp at verksemdene etterlever arbeidsmiljølovgivinga, allmenngjeringslovgivinga og anna relevant regelverk som er lagt til Arbeidstilsynets myndigheit.
Sjølv om norsk arbeidsliv samla sett er prega av ordna forhold, har useriøse aktørar fått stadig større innpass.
Arbeidstilsynet skal no tilsette ein medarbeidar i Bergen. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og bakgrunn og med ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Vi legg arbeidsplassen til rette dersom du har behov for det.
Du blir tilsett i Avdeling arbeidslivskriminalitet / Seksjon arbeidslivskriminalitet (a-krim) Nord-vest, med arbeidsstad Bergen. Seksjonen består av dyktige og hyggelege inspektørar og juristar. Som medarbeidar i Seksjon a-krim Nord-vest må du rekne med å løyse oppgåver innanfor heile oppgåveporteføljen til avdelinga. Du må rekne med noko reiseaktivitet.
I Arbeidstilsynet ønsker vi kontinuerleg forbetring, og i 2025 skal vi forsterke organisasjonsstrukturen vår. Dette vil ikkje påverke kvar denne stillinga er lokalisert geografisk, men kan påverke innhaldet i arbeidsoppgåvene. Utdjupande informasjon om dette vil bli gitt under intervju.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å
* førebygge, avdekke og motverke sosial dumping, useriøsitet og arbeidslivskriminalitet
* føre tilsyn med at verksemdene jobbar systematisk med helse, miljø og sikkerheit
* føre tilsyn med grunnleggande lønns- og arbeidsvilkår, mellom anna allmenngjeringsforskriftene
* samarbeid med andre etatar gjennom a-krimsenteret
* saksbehandle i samband med tilsyn
* handtere tips som Arbeidstilsynet får
* opplæring og rettleiing internt og eksternt
* moglegheiter for deltaking i internasjonalt samarbeid/prosjekt
Du må ha
* minimum utdanning på bachelornivå - teknisk eller samfunnsfagleg bakgrunn er ønskeleg
* svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
* god munnleg fremstillingsevne i engelsk
* førarkort for personbil (B)
Det er ein fordel om du har
* erfaring med kontroll- og tilsynsaktivitet
* kunnskap om arbeidsmarknaden og utfordringar med useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
* kunnskap om krava arbeidsmiljølova stiller til arbeidsmiljø i verksemdene
* erfaring frå arbeid med HMS
* erfaring frå rettleiing
* brei yrkeserfaring
Vi søker deg som
* har evne og lyst til å jobbe med tilsyn og rettleiing i ei myndigheitsrolle
* tar initiativ og har god evne til å gjennomføre og evne til å skape resultat
* samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
* jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag
* er nysgjerrig og fleksibel
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Det er mange gode grunnar til å jobbe i Arbeidstilsynet. Hos oss får du
* lønn etter statens lønnsregulativ som inspektør, kode 1343 (kr 595 000 til kr 675 000) eller seniorinspektør, kode 1371 (kr 620 000 til kr 790 000), avhengig av kvalifikasjonane dine
* lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse: https://www.spk.no
* gode ordningar: https://www.arbeidstilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/hva-tilbyr-vi-vare-ansatte
* meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
* gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
* moglegheiter for å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
* hyggelege kollegaer i eit utviklande læringsmiljø
Viktig å vite før du søker
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller andre økonomiske interesser i verksemder som er underlagde tilsyn frå Arbeidstilsynet.
Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må du grunngi i søknaden. Vi kontaktar deg dersom du ikkje får innvilga unntak.
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søker stillinga.
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål. Kontaktperson er
Jens Erik Romslo, jens.erik.romslo@arbeidstilsynet.no, (Noreg +47) 986 76 648
Johanne Tjemsland, johanne@cruit.no, 954 60 806
FerdigheterAI-generert
- Arbeidsmiljøloven (Norge)
- HMS kontroll
- Kunnskap innen arbeidsrett
Om arbeidsgiveren
Arbeidstilsynet kontrollerer at arbeidsmiljøloven følges og gir veiledning til ledere og ansatte om hvordan de kan bidra til et godt arbeidsmiljø for seg og sine kolleger. Hvert år fører vi tilsyn med arbeidsplasser over hele landet, og vi gir råd og informasjon om arbeidsmiljø på telefon, chat, e-post og på Facebook. Etaten har 750 ansatte og er underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, Rådgivning, Saksbehandler
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 420269532
- Sist endret