Er du serviceinnstilt, glad i mat og ønskjer ei fast stilling? Sjå her då vel!
Skei servicenter AS
- Frist 25.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du serviceinnstilt, glad i mat og ønskjer ei fast stilling? Sjå her då vel!
Kjære framtidige kollega,
Lat oss seie det med ein gong: Circle K er slett ikkje jobben for alle – men den passar for mange. Og dei som jobbar her, elskar det!
I tida har vi sett kollegaer kome og gå. Dei som vel å gje seg, seier ofte at jobben var for kompleks, eller at arbeidslista var for lang. Dei som held ut, har til felles at dei toler tempoet – og at dei likar kjensla av å ha gjort ein skikkeleg god jobb.
No treng vi ein kjekk kollega og lagspelar som:
Blir motivert av å gi topp service til alle som vitjar stasjonen
Held hovudet kaldt når køene er lange, kaffimaskina er tom og vaskemaskina har stoppa
Ikkje spring på do når pallane med spylevæske skal berast og klargjerast for sal, men brettar opp ermene og tek det som ei økt
Er interessert i mat og likar å steikje den beste burgeren i mils omkrins
Stiller opp på kort varsel viss nokon er sjuke, eller ved behov (og forventar det same av andre)
Forstår at ein må vaske toalett og golv – sjølv om det kanskje ikkje er favorittoppgåva
Er glad i folk, og tek ansvar for å halde stasjonsområdet like ryddig ute som inne
Ønskjer å gjere ein innsats for eit grønare og meir berekraftig samfunn langs vegen
For oss som jobbar på Circle K, er det dei færraste som planlegg ein karriere her. Men det er faktisk mogleg! Og for deg som vil bli filmregissør, lærar eller jurist, er Circle K ein fantastisk plass å byggje CV og få erfaring som er gull verdt vidare i arbeidslivet.
Høyrest dette interessant ut? Då foreslår vi at du tek kontakt med ein gong!
Vi kan tilby god opplæring, spennande utfordringar, hektisk men kjekt arbeidsmiljø og konkeransedyktig lønn
Du treng ikkje vere over 18 år for å søkje denne stillinga. Arbeidet inneber turnus og veksler mellom kveld,dag og helg.
for meir informasjon om stillingen ta kontakt med Malene Fugle på malene@skeiservicenter.no eller telefon nr:99090098
Ferdigheter
- Anvende mattilberedningsteknikker
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Litt om oss Circle k Skei (Skei Servicenter) er eit naturlig stoppestad langs vegen om du enten kun vil ha ein liten matbit eller sette deg ned å få deg ein god middag. Vi har hytte overnatting, møtelokale, døgnvile, bussstasjon, ladestasjon og drivstoff anlegg.
- Sektor: Privat
- Sted: 6843 Skei i Jølster
- Bransje: Butikk og varehandel, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt, Kjøkken- og kantinemedarbeider, Servitør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 420259102
- Sist endret