Fagarbeidar
Voss herad
- Frist 24.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli ny fagarbeidar ved Skulestad skule?
Skulestad skule har ledige ein eller fleire faste stillingar som fagarbeidar frå hausten 2025.
Stillinga er 100 % i skuleåret. På grunn av lengre feriar (haust-, jul- og vinterferie) vert løna justert til 89 %.
Om arbeidsstaden
Skulestad skule er ein barneskule som ligg omlag 4 kilometer nord for Voss sentrum. Han har om lag 180 elevar og kring 35 tilsette. Skulen ligg tett på naturen, med fjella Lønahorgi og Hanguren, Melsvatnet og alpinanlegget Bavallen i nærleiken. Skulen jobbar kontinuerleg for å ha ein skulekultur som fremjar læring, trivnad og likeverd. Skulen har ei eiga avdeling, ASK, som er retta mot elevar som treng særskilt tilrettelegging, og ASK kan vise til gode resultat i arbeidet med desse borna.
Skulen har eit stort uteareal med eigen sykkelbane, ballbinge, fotballbanar, basketbane, grindbygg og leikeareal. Me legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet, og uteundervisning er ein viktig del av skulekvardagen. Hos oss blir du ein del av eit miljø der alle kjenner kvarandre, og der det er korte vegar mellom idear og handling.
fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar (andre relevante utdanningar kan også bli vurdert)
erfaring med å jobbe med barn og unge
erfaring frå skule eller SFO
Trivsel og samarbeid står sterkt hjå oss. For å trivast i stillinga bør du:
ha god fagleg kompetanse og vere god på relasjonsbygging
vere positiv, fleksibel og løysingsorientert
trivast med teamarbeid og samarbeid med ulike faggrupper
Me ser etter deg som møter elevane med varme, ro og tryggleik, og som er tydeleg og til stades i kvardagen
støtte elevar i undervisninga
bidra i planlegging og gjennomføring av aktivitetar som fremjar læring
støtte elevane i leik og sosialt samvær
jobbe med spesialundervisning for enkeltelevar
vere ein omsorgsfull og trygg rollemodell
arbeide på SFO
samarbeide tett med kontaktlærarar og andre fagpersonar
arbeide med faglege og sosiale mål individuelt og i små grupper
personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
gode høve for fagleg utvikling
eit svært godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
gode pensjons- og forsikringsordningar
eit inkluderande og støttande kollegium
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Strandavegen 334, 5710 Skulestadmo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger
Nøkkelord
fagarbeidar, fagarbeider, skule, pedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 420120346
- Sist endret