Programrådgjevar/flyktningkoordinator100% fast
Øygarden kommune
- Frist 17.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Øygarden lærings- og integreringssenter
Om arbeidsplassen:
Stillinga er knytt til Lærings- og integreringssenteret, organisert under Barne- og Familiesjefen og kommunalsjef for Oppvekst. Eininga er lokalisert sentralt på Straume og dei tilsette er ei samansett gruppe av stillingar knytt til opplæring, kvalifisering og arbeidet med busetjing og integrering av flyktningar og innvandrar. Målet er «ein veg inn» for målgruppa, og vi er opptatt av heilskapleg samhandling og koordinering av tenester innbyggarar i kommunen har rett på og behov for.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp deltakarar i introduksjonsprogrammet mot sluttmål: utdanning og/eller arbeid.
- Gjennomføre kartleggingssamtalar og utarbeide individuelle planar (IP) i samarbeid med deltakar.
- Fastsetje og følgje opp sluttmål og tiltak i tråd med integreringslova.
- Motivere og rettleie deltakarar gjennom heile kvalifiseringsløpet.
- Finne, leggje til rette for og følgje opp praksisplassar og jobbmoglegheiter i samarbeid med arbeidsgjevarar.
- Koordinere innsats med NAV, helsetenester og andre relevante aktørar som t.d skule og barnehage
- Sikre heilskapleg oppfølging av deltakar og familie
- Saksbehandle i tråd med gjeldande lovverk; integreringslova og integreringsforskrifta.
- Dokumentere og rapportere i fagsystemet Flyvo
- Følgje opp deltaking i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og delta i undervisning av dei obligatoriske elementa i programmet og evt arbeidsretta opplæring
- Bidra til tverrfagleg samarbeid og utvikling av introduksjonsprogrammet
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
Må ha:- Relevant høgare sosialfagleg utdanning (minimum bachelor) eller godkjent lærarutdanning med etterutdanning i norsk som andrespråk
- Kjennskap til introduksjonsprogrammet, integreringslova og relaterte lover og forskrifter.
- God formidlingsevne munnleg og skriftleg
- Motivasjon og interesse for kvalitetssikring og tenesteutvikling
- Erfaring med forvaltning og sakshandsaming
- Erfaring med integrerings- og kvalifiseringsarbeid
- Eit heilskapleg perspektiv på integrering
- Samhandlingskompetanse og ynskje om å jobbe tett i eit bredt team
- Kunnskap om gjeldande lovverk og erfaring med sakshandsaming
- Gode IKT-kunnskapar
- Anna erfaring eller utdanning knytt til migrasjon eller integrering
- Du er god på å bygge relasjonar og tryggleik hos deltakarane.
- Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert.
- Du trivst i eit fagleg fellesskap og ønskjer å bidra aktivt til utvikling.
- Du er tilpassingsdyktig og taklar endringar i ein dynamisk kvardag.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å vere med på å utvikle introduksjonsprogrammet i ein framtidsretta kommune.
- Meiningsfulle oppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag.
- Eit godt fag- og arbeidsmiljø med høg kompetanse.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- IA-verksemd og fokus på livsfase og balanse mellom arbeid og fritid.
Kontakt:
Einingsleiar Nina Håvik Pettersen
Avdelingsleiar Jarand Høynes Lekve
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Saksbehandling etter norsk Introduksjonslov/ Integreringslov
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grønamyrsvegen 2, 5353 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Sosiallærer, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
lærer, lærar, bachelor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 419141924
- Sist endret