Kokk / kjøkkensjef
KULLESEIDKANALEN GJESTEHAMN AS
- Frist 17.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Kokk / kjøkkensjef – er det deg me leitar etter?
Er du klar for å ta ansvar på eit kjøkken med variasjon, og elskar du å jobba med både menneske og mat?
Me i Kulleseidkanalen Gjestehamn på Bømlo i Sunnhordland er i vekst og flytter litt rundt på ansvar og arbeidsoppgåver. Difor søkjer me no etter kokk/kjøkkensjef som kan ta del i styringa av kjøkkenet vårt. Du må trivast med å ha ansvar, men du står ikkje aleine – me har erfaren produksjonskokk, kjøkkenassistentar og ekstrahjelper med på laget.
Dette vil du ha ansvar for:
– Utarbeida og følgja opp vaktlister og personalet
– Planlegga menyar for arrangement og selskap
– Sikra god flyt og høg kvalitet på kjøkkenet gjennom effektiv organisering
– Samarbeida tett med serveringspersonal og driftsleiing
Me ser etter deg som:
– Har fagbrev eller relevant erfaring frå kjøkken
– Likar å ha oversikt og leie andre
– Trivst med både travle og rolege dagar
– Er komfortabel med logistikk og bemanningsplan
– Har norsk som arbeidsspråk (skriftleg og munnleg)
Er du i tillegg glad i lokalmat, korte beslutningsvegar og litt uformell stemning – då trur me du kjem til å lika deg hjå oss. Stillinga inneber arbeid i helg/kveld.
Kva kan me tilby?
- Arbeid på eit godt drifta kjøkken med tydeleg matfilosofi
- Ansvar og fridom i eit kjøkken med godt rykte
- Sesongbasert drift med særleg høg aktivitet om sommaren
- Godt arbeidsmiljø og kort veg frå idé til gjennomføring
- Vår mentor er Mike Reddington – internasjonal kokk, som m.a. har servert dronninga av England
Søk då vel!
Send oss ein kort søknad og CV til jorunn@kulleseidkanalen.no innan 17. august. Me vurderer søknadar fortløpande og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju i løpet av august.
Ferdigheter
- Erfaring fra næringsmiddelproduksjon
- Kjøkkenøkonomi
- Kokkekunnskaper
- Norsk
- Personalansvar
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kulleseidkanalen Gjestehamn er ei unik perle som ligg fint plassert midt i Kulleseidkanalen på Bømlo. Me har gjestehamn, hotellhytter, camping, bar og restaurant.
- Sektor: Privat
- Sted: Kanalvegen 24, 5437 Finnås
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kjøkkensjef, Kokk, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kokk, kjøkkensjef, personaloppfølging, kjøkken, bømlo
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 417554943
- Sist endret