Bildegalleri
"Brør og halvbrør" - Halvor Floden & "Topeliussogur" - oversatt av Stefan Frich
Til salgs
145 kr
Beskrivelse av varen
Bøkene er bundet sammen i ett bind:
"Topeliussogur. Etter Zach. Topelius "Läsning för barn."" Fritt omsette av Stefan Frich. Utgitt i 1922. 138 sider.
"Brør og halvbrør. Forteljing for barn." Av Halvor Floden. Med bilæte av Otto Valstad. Utgitt i 1911. 84 sider.
Selges for 145,- kroner
Porto: 69,- kroner (Postnord)
--------------------------------------------------
Halvor Floden var ein norsk forfattar og lærer, og var ein av dei ypparste barneskildrarane i norsk litteratur. Han skreiv ei rekkje bøker for barn og ungdom, nokre av desse er omsette til fleire språk.
Floden gav også ut eit par diktsamlingar og romanane Einstaka (1912), Vi har bruk for deg (1937) og Kjartan i Steinåsen (1949). Skodespela Staalboraren (1921), Gamlehagen (1931) og Gjenta frå landsvegen (1939) vart oppført på Det Norske Teatret. Han skreiv også høyrespel.
Han vaks opp i Trysil, og var frå 1905 lærar i Hernes i Elverum. Han fekk kunstnarlønn frå 1950. I perioden 1930–1956 var han formann i Norsk Bokmannslag.
Halvor Flodens barndomsminne i boka Ein fjellgard (1968) gjev eit nært og detaljert bilete av liv og naturalhushalding på Kvannbekksetra i Østre Trysil i siste del av 1800-talet. Ei anna posthum utgiving, Om folk og hendingar (2019), samlar 19 avisartiklar frå 1956 som Floden sjølv kalla overskotsmateriale fra memoarboka.
Brør og halvbrør er ei barnebok frå 1911 av Halvor Floden. Det var den første boka hans. Boka var illustrert av Otto Valstad, og utkom på Olaf Norlis Forlag. Før ho kom ut, hadde boka same året gått som føljetong i Norsk Barneblad.
Da boka kom ut, var forfattaren lærar og busett på Horndalen skule aust i Elverum. Før boka vart bok, hadde han prøvelese forteljinga for elevane sine. Floden byrja som lærar i Elverum i 1905, og kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916. Halvor og Anne Floden hadde på denne tida 3 barn, fødd 1907–1911.
Innhald:
Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd. Boka handlar om dei tre brørne Egil, Arne og Ola på garden Bø, og om samspelet og opplevingane deira i gardsarbeidet og i leiken. Det er ein gard der dei må slite hardt for livberinga. Egil er 12 år gamal, og er leiaren mellom dei. Ola er 13 og eldst, men er «berre halvbror». Han er dertil seinare enn dei to andre; «han står både åndelig og legemlig tilbake», skriv barnebokhistorikaren Sonja Hagemann. Samspelet mellom dei tre brørne, med utstøyting og forsoning, blir omtalt som «eit tydeleg sosialt motiv». Mange av bøkene til Floden handlar om barn som er utstøytte. Den mest dramatiske hendinga i boka er i siste kapittel. Gutane leiker tømmerfløyting, og Egil kommer i livsfare. Det er Ola som berger han.
Omtale:
Meldaren «A.S.» i Den 17de Mai peiker på at gutane «flyg opp i sinne for den minste ting … og stødt gjeng atti vegen for einannan», men og på at det ender med forsoning. Anders Hæreid i Indlandsposten ønska seg ei anna bok, med meir om barns kjærleik til dyr. Fleire peiker på at Floden verka inspirert av Rasmus Løland. Boka vart óg meldt av Sigurd Nergaard i Østlendingen 4.12.1911 og av Andreas Vamraak i Gula Tidend 4.12.1911. Boka var og omtala i andre avisar, uten særlege vurderingar.
Kristofer Uppdal skreiv om boka i 1919, i en gjennomgang av nynorsk barnelitteratur. Uppdal meinte at boka «var rik på smaa hendingar men utan sers store drag». Litteraturhistorikaren Andreas Winsnes skreiv at Brør og halvbrør høyrer til mellom Flodens beste bøker. Dag Hareide skriv om boka i ein artikkel. Har har intervjua sønane til Floden, og siterer dei på at faren ikkje var heilt nøgd med boka. Hareide peiker og på at Floden er ein moralsk forfattar som avrunder boka med forsoning. Også Sonja Hagemann peiker på det etiske temaet i boka. Bjørg Jåstad ser det som ein veikskap ved boka at det utstøytte må gjere ein «heltedåd» før dei andre får auga opp for han; ho meiner det er ei «lettvint og tilfeldig løysing … som sjeldan hender i det verkelege liv».
- - - - - -
Zacharias Topelius var en aktiv og allsidig finlandssvensk forfatter, journalist, redaktør og historiker. Han hadde stor utbredelse og betydning både i sin samtid og i ettertid.
Han utga en rekke samlinger dikt i senromantisk stil. Gjennom eventyrfortellinger (Sagor, fire bind 1847–1852; Läsning för barn 1865–1896), og bøker til skolebruk, som Boken om vårt land (1875) nådde han en stor lesekrets og preget flere generasjoners oppfatning av Finland og dets folk.
Fältskärns berättelser (5 bind, 1853–1867), er en skildring av svensk historie på 1600- og 1700-tallet med oppdiktede personer i troverdige miljøer.
Topelius visste å forene pedagogiske ærender med livlig fortelling og spennende intriger. Gjennom sin allsidige virksomhet var han en sentral skikkelse i finsk samfunns- og kulturliv.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.11.2025 kl. 16:40 ・ FINN-kode: 417480668




