Miljøterapeut/vernepleiar/sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 18.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut/vernepleiar/sjukepleiar
Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 2x100% faste stillingar frå 01.10.25
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 tenestemottakarar.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillingane.
Stilling I: Stilling i ordinær turnus med kombinert lang- og kortvaktsturnus. Arbeidshelg kvar 4. helg
Stilling II: Stilling vil inngå i ressursbemanninga, og er i ordinær turnus med arbeidshelg kvar 4 helg vil inngå i resursbemanninga, og er i ordinær turnus med arbeidshelg 4.kvar helg.(langvakt på helg)
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant helse-, sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning på bachelornivå. Sjukepleiar/vernepleiar med medisinfagleg kompetanse, er å føretrekke, men ikkje eit krav. Du har kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap.9 er også ønskjeleg.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskap og vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Nøkkelord
miljøteraeput, sykepleier, vernepleier, fast
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415948728
- Sist endret