Ansvarleg for IKT og personvern
Sogn Sparebank
- Frist 11.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Spennande mogelegheit innan IKT og personvern i Sogn Sparebank
Er du sjølvstendig, strukturert og planmessig? Då vil me snakke med deg.
Vi søkjer deg som vil jobbe med ikt og personvern i Sogn Sparebank. Du kan ha kontorstad på alle våre kontor i Sogn, og du må på berekne ein del reising i jobbkvardagen din.
Dette vert dine viktigaste arbeidsoppgåver:
Etablere og utvikle styringsdokument knytt til personvern og IKT
Opplæringsansvar for personvern og IKT
Ansvar for overordna IT-sikkerheit i banken
Systemansvarleg og tilgangsstyring
Rapportering til banken si leiing og styre
Internkontroll med oppfølging og handlingsplanar og tiltak
Du har følgjande kvalifikasjonar:
Du har relevant utdanning innan økonomi, med interesse og kunnskap for ikt og personvern
Fordel med erfaring frå tilsvarande bransjar
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Arbeidskvardagen i korte trekk
Tett samarbeid med dei andre fagområda i banken
Faste rapporteringstidspunkt til leiing og styret gjennom året
Støtte og opplæring i banken, både i system og reglar rundt personvern
Utføre tilgangsendringar i systema etter bestilling frå leiar
Delta aktivt i optimaliseringa av bankdrifta via dine fagområde
Bindeledd mot Eika
Delta på relevante program og vere med i faggrupper i Eika
Vere jamnleg rundt på banken sine kontor
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig og initiativrik som tek ansvar og skapar framdrift.
Strukturert og planmessig.
Endringsvillig og oppteken av å halde seg oppdatert og utvikle eigen kompetanse.
Medspelar som har fokuset på å spele andre gode.
God på å lytte og forstå kollegaer sine problemstillingar, og bidra til å løyse dei.
God på å formidle og dele kunnskap.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.
Sogn Sparebank er aksjonær i Eika Gruppen AS. Eika Alliansen består av rundt 50 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, og har ein samla forvaltningskapital på om lag 450 milliardar kroner og 2 500 tilsette. Dette gjer Eika Alliansen til ein av dei største og viktigaste aktørane i den norske bankmarknaden. Med moderne digitale kundeløysingar og 170 bankkontor i 114 kommunar er lokalbankane til stades med avgjerande bidrag til vekst, utvikling og verdiskaping i sine lokalsamfunn.
Sogn Sparebank har eit stort mangfald av produkt innan forsikring, kreditt, sparing og økonomisk rådgjeving som blir gjeve tilbod om så vel private kundar som til bedrifter. Sparebanken og Eika arbeider heile tida med å utvikle produkta våre og tilpassar tenestene våre etter kundane sine behov.
- Sektor: Privat
- Sted: Statsråd Evensenveg 8, 6885 Årdalstangen
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, IT-sikkerhet, IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
personvern, it sikkerheit, systemansvarleg, optimalisering, opplæringsansvar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415940066
- Sist endret