Innkjøpar
Vestland fylkeskommune
- Frist 17.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Innkjøpar
Avdelinga Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. I tillegg har
avdelinga ansvar for utbygging av Bybanen sin infrastruktur. Avdelinga er delt inn i 5 seksjonar; Stab og forvaltning, System og utvikling, Utbygging, Drift og Bybanen Utbygging.
Bybanen Utbygging søker vår nye innkjøpsansvarlege og om du er den som ønsker å leie arbeidet med framtidas bybanesystem. Rolla er ein sentral medarbeidar i arbeidet med å leie anskaffingsprosessen med framtidas innkjøpskontraktar for å vidareutvikle Bergen sitt største og viktigaste byutviklingsprosjekt.
Som tilsett hjå oss får du vere med på hele reisa frå reguleringsfase til overlevering til drift. For tida består prosjektteamet av om lag 20 kompetente og erfarne medarbeidarar, som i hovudsak arbeider med ulike forberedande aktivitetar for oppstart av byggetrinn 5 til Åsane.
Personen vi nå søkjer skal leie arbeidet med å etablera og følgje opp arbeidet i og rundt anskaffingsprosessen til Bybanen Utbygging. Er dette deg?
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og leie arbeidet med offentlege anskaffingar og anbodsprosessar ihht anskaffingsplan og anskaffingsmandat.
- Overvaking, leie kartlegging og analysar av det totale innkjøpsbehov for prosjektet.
- Prosess- og systemansvarleg for Bybanen Utbygging sine innkjøpssystem.
- Leie arbeidet med utarbeiding av konkurransegrunnlag og kontraktar med fokus på teknisk og kommersiell kvalitet, kostnad og berekraft.
- Utføre rolla som forhandlingsleiar i tråd med oppgåvefordeling angitt i anskaffingsprosess.
- Bistand i utvikling og forbetring av anskaffingsprosedyrar og rutinar, inkludert bruk av konkurransegjennomføringsverktøy (KGV) for å sikre sporbarheit, effektivitet og kvalitet.
- Sikre etterleving av regelverk, interne rutinar og etiske retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule innan tekniske fag, innkjøp, juridisk eller liknande.
- Ved særskilt relevant teknisk, innkjøps- eller kommersiell erfaring kan søkjarar med utdanning innan andre fagområde eller anna utdanning bli vurdert.
- Dokumentert teknisk og kommersiell erfaring og kunnskap frå arbeid med gjennomføring av offentlege anskaffingar og då spesielt erfaring frå arbeid med entreprise- og rådgjevarkontraktar.
Personlege eigenskapar
- Høgt engasjement for arbeidet, evne til å balansere operativt og overordna
- Evne til å leie tekniske og kommersielle detaljar
- Etterretteleg, strukturert og sjølvstendig
- Engasjert og gode evner til samhandling
- Fleksibel, proaktiv og open for nye utfordringar
- Du trivst med arbeidsoppgåver som har høg fagleg kompleksitet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i ein organisasjon med samfunnsnyttige mål
- Eit tverrfagleg og inkluderande miljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Anbudsprosess
- Datainnsamling og analyse
- forhandle og administrere kontrakter og avtaler
- Forsyningsledelse
- Innkjøpsplanlegging
- Offentlige anskaffelser
- Teknisk utdannelse
- Utarbeidelse av konkurransegrunnlag
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Innkjøp
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415934744
- Sist endret