Driftsoperatør vatn og avløp - 100 % fast stilling
Vang Kommune
- Frist 17.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Driftsoperatør vatn og avløp - 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsoperatør vatn og avløp.
Vang kommune har 4 avløpsanlegg og 7 vassverk med tilhøyrande leidningsnett og pumpestasjonar. Anlegga betener fritidsbustader, faste bustader, næring og kommunale bygg som skule og barnehage.
Dei siste åra har kommunen investert betydelege beløp i nye anlegg, og fleire prosjekt er i utvikling.
Kommunen nyttar digitale løysningar innanfor GIS, driftsovervaking, avviksrapportering og internkontroll.
Stillinga er underlagt avdelingsleiar vatn og avløp.
Arbeidsoppgåver
- Service og reparasjonar på anlegg for vatn og avløp
- Delta i den daglige drifta saman med dei andre driftsoperatørane
- Delta i den til ei kvar tid gjeldande vaktordninga
- Ansvar for oppfølging av prøvetaking tilhøyrande vatn- og avløp
- Systematisering av HMS-arbeid
- Kontrollere, kvalitetssikre og dokumentere metoder og rutiner
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med fagbrev som kan vere relevant til stillinga
- Erfaring med bruk av digitale verktøy er nødvendig
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (E)
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Arbeide strukturert og sjølvstendig
- Løysingsorientert med høgt pågangsmot
- Utviklingsorientert
- Serviceinnstilt
Om den som blir tilsett ikkje har godkjent utdanning som driftsoperatør, må vedkomande vera villig til å ta kurs for driftsoperatørar.
Me tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø, utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å skaffe bustad ved behov
- Fleksibel arbeidstidsordning
FerdigheterAI-generert
- Bruke verktøy
- Drift av vann og avløp
- Ta en vannprøve
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, VVS
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vann og avløp, prosess, vannverk, renseanlegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415488588
- Sist endret