Bildegalleri
Plantegning Blomvegen 14, eining A.
Blomvegen 14 - Ein sjeldan moglegheit
Eining A
Kort om prosjektet
Flytt inn i ein heilt ny familievennleg einebustad, i eit godt bumiljø nær sentrum. Her er det høg kvalitet i arkitektur og finish - med mange funksjonelle løysningar, dobbel takhøgde, store fleksible opphaldsrom og direkte adkomst til uteplassar på alle plan og sider av huset.
Prosjektets status
Planlegging
Under oppføring
Salgsstart
01.08.2025
Byggestart
31.08.2025
Overtakelse
01.06.2026
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Etasje
- 3
- Soverom
- 4
- Internt bruksareal
- 183 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 190 m²
- Balkong/Terrasse
- 63 m² (TBA)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Ein innhaldsrik einebustad
Er dette moglegheita du ikkje kan gå glipp av? Ein nyoppført einebustad så nær sentrum, teikna av arkitekten i nabolaget, med kvalitetar heile familien vil sette pris på.
Fordelt på 3 plan omfattar denne eininga følgande:
1. Etasje - alt du treng og litt til
I 1. etasje har du inngangspartiet til bustaden. Her har du også det romslege fleksrommet med direkte utgang til forhagen. Det er to soverom på første plan, eige bad, vaskerom og praktisk sportsbu og ekstra bu i tilknyting til teknisk rom.
2. Etasje - hjartet i huset, med stor takhøgde og mykje lys
Hovudplanet i bustaden inneheld alle dei viktige felles opphaldsromma; spisestove, stove og kjøkken som er knyta saman av open løysing, stor takhøgde og direkte tilkomst til den store terrassen. Her er og stort soverom og bad. Smykket i huset er trappa som bind det heile saman.
3. Etasje - kveldssol og utsikt
På 3. plan finn du den romslege loftsstova med direkte utgang til takterrassen med kveldssol og utsikt over fjella. Her har du også eige soverom og ei praktisk bu. Loftsstova er ei fleksibel løysing som kan brukast som TV-stove, spelerom, roleg lesekrok eller når du har gjester.
Kvalitetar i leveransen
Utvending
- Biloppstillingplass/carport
- 2 terrassar
- Moglegheit for takterrasse i 3. etasje
- Bu ved parkering og ved terrasse bak huset
- Utstyrsbu framfor bustaden, ved carport
- Ytterdør med glasfelt
- Balkongdør med glasfelt
Innvendig
- Entré: Fliser på golv
- Bad: Flislagde golv og veggar, vegghengt sisterne, dusjveggar i glas, servant og servantskap
- Stove, gang og opphaldsrom: Golv i kvalitetslaminat med naturtru eikestruktur, gipsveggar og -tak
- Kjøkken: Kvitevarer frå Sigdal
- Trapp: Trapperekkverk med eiketrinn
- Innerdører: Av typen Sletten med dempelist og vridarar i børsta stål
- Balansert ventilasjon
- Vatnboren varme i stove, kjøken, bad, vaskerom, fleksrom og entré
Nyttige lenker
Nærområdet
Blink Hus Voss Byggsenter
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.