Mekaniker
Frydenbø Bil ASV AS, avd. Måløy
- Frist 10.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Frydenbø Bil Måløy søkjer bilmekanikar
Frydenbø Bil i Måløy søkjer deg som er klar for nye utfordringar og ønskjer å jobbe med framtidsretta teknologi og sterke bilmerke. Vi har ei spennande stilling ledig for ein dyktig mekanikar som vil bli ein del av teamet vårt i Måløy. Verkstaden vår er autorisert merkeverkstad for Volkswagen og Skoda, og vi betener kundar frå heile ytre Nordfjord.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med tilgang til moderne utstyr og gode rammer for utvikling. Vi legg stor vekt på kompetanse, og som tilsett får du gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom Harald A. Møller kompetansesenter.
Vi set verdiane entusiastisk, ærleg og ansvarleg høgt, desse pregar både kvardagen vår, korleis vi samarbeider og møter kundane våre.
Arbeidsoppgåver vil vere:
Service og vedlikehald
Feilsøking og diagnose
Reparasjonar og mekanisk arbeid
PKK
Montering av ekstrautstyr
Vi ser etter deg som:
Har relevant fagbrev, fortrinnsvis som bilmekanikar
Har god kunnskap om bil og interesse for faget
Er nøyaktig, effektiv og løysingsorientert
Likar å samarbeide og trivst med varierte oppgåver
Set kundane i fokus og ønskjer å levere kvalitet og god service
Er positiv, engasjert og har gode haldningar
Vi tilbyr:
Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Gode utviklingsmoglegheiter
Konkurransedyktige betingelsar og gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
Støtte til trening og rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet
Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca
Hos Frydenbø Bil i Måløy blir du ein del av eit solid og framtidsretta selskap med spennande moglegheiter og gode kollegaer.
Høyrest dette interessant ut? Send inn søknaden din, vi vurderer kandidatar fortløpande!
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med servicemarknadssjef Arne Færestrand
Tlf: 99205067
E-post: Arne.faerestrand@moller.no
Søknadsfrist: 10. august 2025
FerdigheterAI-generert
- Bilmekanikk
- Mekanisk arbeid
- Reparasjon av mekanisk utstyr
- Servicearbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.
Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2023 for NOK 4,4 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen.I tillegg er vi deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,4 mrd. i 2023.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.
- Sektor: Privat
- Sted: Nordfjordvegen 9259, 6718 Deknepollen
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Bil, kjøretøy og verksted, Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bilmekaniker, mekanikar, bilverksted, Volkswagen, Skoda
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415209772
- Sist endret