l kommune - Sjukepleiar/Helsesjukepleiar
Ål Kommune
- Frist 1.9.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar/Helsesjukepleiar
Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?
Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?
Ynskjer du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?
Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!
Me har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå september 2025.
Me i Familiens Hus, har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som er interessert i born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål.
Kvalifikasjonar
Utdanning som helsesjukepleiar.
Sjukepleiar som er i utdanning til helsesjukepleiar eller som har planar om dette, oppfordrast til å søke.
Interesse for oppfølging av barn og familiar.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B og må disponere bil.
Arbeidsoppgåver
Helsefremjande og førebyggande oppgåver for tenesta i samsvar med lokale og nasjonale retningsliner og rutiner.
Delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester.
Skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule.
Vaksinering.
Andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar og behov.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
Er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar.
Er ein god relasjonsbyggjar.
God på kommunikasjon og rettleiing.
Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Er positiv og løysingsorientert.
Har evne til nytenking.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
Interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
Eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
Godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
Internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
Lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
Pensjonsordning i KLP
Søknad og politiattest
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Ferdigheter
- Helsestasjons- og skolehelsetjeneste
- Omsorgsfag
- Vaksinasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1, 3570 Ål
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Helsesykepleier, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjukepleiar, helsesjukepleiar, vaksinering, fagleg utvikling, tverrfagleg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415205613
- Sist endret