
Sjåfør
NGIR Drift AS
- Frist 15.7.2025
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du ein viktig og aktiv sjåførjobb?
Ønskjer du deg ein meiningsfylt sjåførjobb, kor du samstundes får frisk luft og kan vere fysisk aktiv? Då er denne jobben noko for deg!
Vi treng: sjåførar i 100% fast stilling + timessjåførar
Hjå oss i NGIR får du ein variert arbeidskvardag i ein bransje i rivande utvikling. Arbeidstider etter plan og få vakter i helger og på kveldstid. Du får ei viktig rolle i bedrifta som NGIR sitt ansikt ut mot innbyggjarane, og ein jobb samfunnet er avhengig av. Du vert ein del av vårt glimrande sjåførteam.
Som sjåfør vil du jobbe sjølvstendig, men på nokre ruter får du med deg sidemann/-kvinne som godt selskap.
I tillegg til å halde deg i fysisk form i arbeidstida, vert du godt kjent i den vakre regionen vår.
Din arbeidskvardag vil bestå av:
Køyring av komprimatorbil/renovasjonsbil.
Innsamling av avfall frå private hus, hytter og næringskundar.
Fysisk aktivitet, som å trekke/flytte avfallsdunkar.
Registrere avvik/skadar på innsamlingsutstyr.
Vedlikehald og reinhald av bil.
Varierande og gode arbeidstider.
Du har desse kvalifikasjonane:
Gyldig førarkort kl. C.
Sjåførkort.
Godkjent YSK (95 GODS).
Køyreerfaring.
Personlege eigenskapar:
Du er pliktoppfyllande, presis og god på samarbeid.
Du er positiv og serviceinnstilt
Du er fleksibel og liker å halde orden.
Du kan kommunisere på norsk skriftleg og munnleg.
Du har grunnleggjande kompetanse på bruk av dataverktøy.
Du har respekt for reglar og retningsliner.
Du er opptatt av kvalitet i arbeidet ditt.
Du har god helse og er i god fysisk form.
NGIR tilbyr deg:
God opplæring og oppfølging
Ein meiningsfylt jobb i ei miljøbedrift
Fysisk aktivitet og frisk luft i arbeidstida
Kontakt med hyggelege kundar og kollegaer
Bil som følgjer faste ruter
Ein arbeidsgjevar som fokuserer på helse, miljø og tryggleik/sikkerheit (HMS)
Godt vedlikehaldne bilar
Jobb i ei bedrift med god tariffavtale og pensjonsordning
Oppstart: snarast
Har du spørsmål om stillingane? Ikkje nøl med å ta kontakt med vår blide transportleiar, Karl André Dale på tlf. tlf. 916 78 784.
Du sender søknad elektronisk via søkefunksjonen i utlysinga på finn.no
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- Bilpleie
- Kjøre
- Søppelkompaktor
- Ubegrenset førerkort kategori C
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 100 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå omlag 17 000 hushald, og 6500 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Transportavdelinga ligg under NGIR Drift AS frå 2024.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Transport og sjåfør
Nøkkelord
yrkessjåfør, renovasjonsbil, renovatør, bærekraft, sjåfør
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 415020026
- Sist endret