Medarbeidar - kundeservice
FOTEFAR TEMAREISER AS
- Frist 11.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til gode kundeopplevingar for reiseglade?
Fotefar temareiser veks og er difor på utkikk etter ein ny servicemedarbeidar til kontoret vårt på Leikanger i Sogndal kommune. Dette er ei spennande og variert stilling der du får ulike kunderelaterte oppgåver på telefon og e-post.
Vi ser etter deg som trivst med ein variert og hektisk kvardag, og som kan ha mange ballar i lufta samstundes som du jobbar strukturert.
Personlege eigenskapar:
Er strukturert og nøyaktig
Likar ein arbeidskvardag med høgt tempo, og kan sjonglere fleire arbeidsoppgåver på ein gong
Trivst med kundekontakt på telefon og e-post, og likar å jobbe med menneske
Er kreativ, lærevillig, sjølvstendig og har ei positiv haldning
Tek utfordringar på strak arm
Samarbeider lett med andre
Har god skriftleg formuleringsevne på nynorsk og engelsk
Har god munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk, og gjerne fleire språk
Arbeidsoppgåver:
Oppgåver i booking- og betalingssystem
Kundekontakt på telefon og e-post
Diverse rutineoppgåver
Vi tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit lite, men aktivt, arbeidsmiljø og ein spennande bransje som endrar seg raskt
Lønsvilkår etter avtale
Fleksitid
Tilsetjing snarast råd. Send søknaden innan 11. august 2025 på e-post til post@fotefartemareiser.no. Alle søkarar blir kontakta etter søknadsfristen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Fotefar temareiser arrangerer unike temareiser til Norge, Europa, Afrika, Asia, Nord- og Sør-Amerika. Historie- og kulturopplevingar står sentralt i reisene, og med oss på tur har vi kunnskapsrike forelesarar.
- Sektor: Privat
- Sted: Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Sentralbord
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kundeservice, servicemedarbeidar, leikanger, sogndal, kontor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414936660
- Sist endret