Grunnervervar
Vestland fylkeskommune
- Frist 8.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Grunnervervar
Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet.
Avdelinga infrastruktur og veg skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg, og ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.
Vegfagavdelinga har ansvar for planlegging, prosjektering, grunnnerverv mv. i samband med bygging og vedlikehald av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Avdelinga dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet.
I seksjon for grunnerverv er vi tolv grunnervervarar, sju eigedomslandmålarar/-eigedomsforvaltning og ein merkantil medarbeidar. Vi er fordelt på kontorstadane Leikanger og Bergen. Vi søkjer no etter grunnervervar i fast stilling med kontorstad Leikanger.
Arbeidsoppgåver
Som grunnervervar vil du få utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Aktuelle oppgåver er:
- Kjøp av grunn og rettar til bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Innløysing av bustader og andre bygningar.
- Delta i prosjektgrupper i heile fasen frå planlegging til veg ferdig bygd.
- Verdsetting av eigedommar og gjennomføring av forhandlingar med grunneigarar.
- Førebu og gjennomføre ekspropriasjon og tvangstiltreding når det er nødvendig.
- Førebu og bistå ved gjennomføring av skjønn for domstolane i nært samarbeid med advokat.
- Oppfølging og kontakt med grunneigarar i anleggsfase og sørge for utbetaling av erstatningsoppgjer.
- Forvalte vegeigedommar, restareal og eigedommar innløyst i samband med grunnerverv.
Kvalifikasjonar
- Vi krev utdanning på masternivå eller tilsvarande innan fagområde som eigedomsfag, jordskiftefag eller juridiske fag.
- God fagleg og etisk vurderingsevne.
- Førarkort for personbil, klasse B.
Det er sjølvsagt ønskjeleg med erfaring innan grunnerverv, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkja.
Personlege eigenskapar
Stillinga inneber mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg difor vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk. Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.Vi tilbyr
Hos oss kan du forvente:
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelse av eiendom
- Forhandle grunnervervelse
- Forhandle med grunneiere
- Taksering av eiendom
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Eiendom
- Stillingsfunksjon: Forhandling, Ingeniør, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414892784
- Sist endret