Undervisningsstilling 100% fast – norsk og samfunnsfag
Rogaland fylkeskommune
- Frist 03.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstilling 100% fast – norsk og samfunnsfag
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2000 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklassar, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no
Frå 01.08.2025 er det ledig ei 100% fast undervisningsstilling. Faga som skal dekkast er norsk i kombinasjon med samfunnsfag.
Lærarane går inn i etablerte samarbeid organisert i faglag i dei ulike faga.
Det er aktuelt med undervisning på studiespesialiserande programområde, yrkesfaglege programområde og undervisning på vaksenopplæring (dag og kveld).
Kvalifikasjoner
- Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i dei faga som blir lyst ut, og det er ein fordel med godkjend praktisk pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
- Gode norskkunnskapar
Personlige egenskaper
- Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
Vi tilbyr
- Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
- Ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
- Løn etter tariff
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
- Praktisk-pedagogisk utdanning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hetlandsgate 27, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fast;, Skole;, Norsk;, Samfunnsfag;, Undervisning;
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414557634
- Sist endret