Systemutvikler
Helse Vest IKT
- Frist 6.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Systemutvikler
Helse Vest IKT utviklar mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved sjukehusa på Vestlandet. Vi er stolte av å levere 100% samfunnsnyttige system med god kvalitet. Vi deltek i mange og varierte utviklingsaktivitetar, frå innovasjonsprosjekt til større løysingar for å automatisere og effektivisere i sjukehusa. I tillegg til utvikling av ei rekke webløysingar og integrasjonar, er vi involvert i prosjekt knytt til bruk av VR, IoT og maskinlæring/KI i sjukehusa. Vi tek i bruk nyaste teknologi der vi kan, og meiner at trivsel og kontinuerleg kompetanseutvikling er ein føresetnad for å drive god utvikling.
Seksjonen Utvikling består av omlag 60 høgt kvalifiserte ansatte fordelt på ni team. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.
Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling i vår utviklingsplattform som består av Microsoft.NET (C#, ASP.NET, Enity Framework, MVC, SQL) og Angular (TypeScript, JavaScript, CSS). Vi køyrer på ein hybrid plattform med tenester både i Azure og on premise.
Kvalifikasjonar
- Du har relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Du har erfaring med utvikling (frontend, backend eller fullstack).
- Det er ein fordel om du har kjennskap til og interesse for programvarearkitektur og datamodellering
- Dersom du har kjennskap til eller interesse for skyteknologi er det også eit pluss.
- På same måte som oss har du forståing for at tryggleik, nettverk og infrastruktur er essensielt for eit trygt helsevesen.
- Dersom du er ein pådrivar for smidig metodikk tel det positivt.
- Hos oss går utviklinga føre i tett dialog med våre brukarar. Det er difor viktig med både gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk.
Personlege eigenskapar
- Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert.
- Du liker å halde deg oppdatert på trendar, utviklingsmetodar og verktøy for moderne systemutvikling og synast fagleg påfyll er givande.
- Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samtidig som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst.
- Du likar å jobbe sjølvstendig, men sett pris på å vere del av eit team.
- Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen.
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, fagdagar og kurs.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Angular
- ASP.NET
- C# (Programmeringsspråk)
- CSS (Cascading Style Sheets)
- SQL
- TypeScript
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Full stack utvikler, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Systemutvikler, Fullstack, .NET, Backend, Angular
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414306940
- Sist endret