Teknisk inspektør i Alsaker Fjordbruk
Alsaker Fjordbruk AS
- Frist 8.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Teknisk inspektør - sørg for at våre servicebåtar alltid er klar for innsats!
Alsaker Fjordbruk har ein stor flåte med servicebåtar og stålflåtar. Desse skal til ei kvar tid skal vera i tipp topp stand for å utføra store og små arbeidsoperasjonar knytt til oppdrettsverksemda. I rolla som teknisk inspektør vert du ein viktig brikke for å oppretthalde den gode kvaliteten på servicebåtane våre, samt sikre gode vedlikehaldsrutinar slik at utstyret alltid er klart til neste prosjekt, og båtane yt maks i ein travel kvardag.
I tillegg til administrativ rolle vil du i stillinga vera synleg i felten. Kontorstad vil vera på Onarheim, men du må pårekna å reise både sjøvegen og med bil til våre båtar og lokasjonar.
Som teknisk inspektør vert du ein del av vårt solide faglege miljø, og har mange diskusjonspartnarar innan ulike fagfelt.
Vår tekniske inspektør søkjer no nye utfordringar, me ser etter hans etterfølgar.
Arbeidsoppgåver:
Viktig diskusjonspartnar for våre skiprar og servicepersonell
Innkjøp av teknisk og mekanisk utstyr
Overordna ansvar for internkontroll- og vedlikehaldssystem, avvikshandtering
Planlegge årleg verkstadopphald/slipping
Fokus på teknisk oppfølging av maritimt utstyr og tilhøyrande dokumentasjon, samt installasjon av utstyr
Prosjektdeltakar ved nybygg og installasjonar
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Relevant maritim, teknisk eller mekanisk utdanning, eller erfaring frå tilsvarande
Framoverlent og løysingsorientert
Gode samarbeidsevner
Utfører planar og har stå på vilje
Me kan tilby deg:
Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, fagleg dyktig og hektisk miljø
Konkurransedyktige vilkår
Søknader vil bli vurdert fortløpande fram til søknadsfristen.
Ferdigheter
- Dokumentasjon
- Internkontroll
- Maritim teknologi
- Vedlikeholdsplanleggingssystem
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
- Sektor: Privat
- Sted: Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
servicebåtar, verkstadopphald, maritimt utstyr, innkjøp, dokumentasjon
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414156261
- Sist endret