Prosjekt og byggjeleiar vatn og avløp
Kvam herad
- Frist 10.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Prosjekt- og byggjeleiar
Har du erfaring med prosjektleiing og likar å utvikla og gjennomføra nye prosjekt? Då kan me ha rett jobb til deg !
Då ein av våre prosjektleiarar nærmar seg pensjonsalder søkjer me ein etterfylgjar. Prosjektleiaren vil ha ansvar for oppfølging og gjennomføring av investeringsprosjekt innan vatn, avløp og veganlegg i kommunen. Prosjekta vil variera frå mindre innkjøp på rundt 100 000 kroner, til dei største byggjeprosjekta våre. Stillinga er ledig frå snarast, men tidspunkt for oppstart kan skje etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av investeringsprosjekt frå start til mål
- Prosjektering, med oppfølging av konsulentar
- Grunn- og rettigheitserverv
- Utarbeiding av søknader til offentlege instansar (t.d. byggjesøknader, søknader til vegmynde, Arbeidstilsynet m.m.).
- Arbeid med offentlege anskaffingar
- Gjennomføring av entreprise og oppfølging av leverandørar og entreprenørar på byggjeplass
Kvalifikasjonar
- Ingeniørutdanning innan va- anleggsfag fortrinnsvis va- eller anleggsingenør (solid og relevant realkompetanse innan fagområdet kan i særskilte tilfelle kompensera for formell utdanning)
- Erfaring frå prosjektarbeid, inkludert økonomistyring. Det er ønskjeleg, eller ein føremon med relevant praksis som byggherre eller utførande entreprenør innan vass- og avløpsprosjekt
- Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant regelverk er ynskjeleg
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Har gode samarbeid- og kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Har evne til å arbeida ryddig og strukturert etter fristar
- Er fleksibel, positiv og lojal
- Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
Me tilbyr
- Varierte, spennande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass
- Mykje kontakt med kundar og publikum
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Flexitid
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
- Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
FerdigheterAI-generert
- Bygging av havne- og damanlegg
- Digitale ferdigheter
- Kjennskap til forvaltningslova
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Norsk
- Offentlige anskaffelser
- Økonomistyring
- Prosjektgjennomføring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Prosjekterfaring ønskeleg, Investeringsprosjekt vatn,avløp/veganlegg, Offentleg forvaltning, Ingeniør va-anlegg, Hardanger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 414153593
- Sist endret