
Me søkjer nettopp deg som engasjert strukturingeniør!
Oma Baatbyggeri AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med i vårt team å byggje framtidas hurtigbåtar?
Strukturingeniør - Konstruksjon
Oma Baatbyggeri AS søkjer ein erfaren og løysingsorientert strukturingeniør med kompetanse innan konstruksjon og erfaring frå fartøy. Hos oss får du vere ein viktig del av utviklinga og produksjonen av framtidas båtar – frå idé til levering.
Om stillinga
Som strukturingeniør blir du ein sentral del av vårt konstruksjonsteam og rapporterer til konstruksjonssjef. Du vil jobbe tett saman med både produksjon og design, og bidra til å utvikle tekniske løysingar som held høg kvalitet – både funksjonelt og estetisk.
Dine arbeidsoppgåver:
Utarbeiding av teikningar og produksjonsunderlag i tråd med spesifikasjonar og kontraktar.
Konstruksjon og styrkeberekning av fartøy.
Oppfølging og samarbeid med produksjon og andre tekniske fag.
Andre oppgåver etter avtale med konstruksjonssjef.
Kvalifikasjonar:
Ingeniørutdanning innan konstruksjon eller marineteknikk.
Erfaring frå arbeid med konsberekningar, helst innan fartøy eller maritim næring.
God kjennskap til teikneprogram som AutoCAD 2D, Rhino3D eller tilsvarande.
God teknisk forståing og evne til å tenkje praktisk.
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Strukturert og nøyaktig.
Løysingsorientert og samarbeidsvillig.
Ansvarsbevisst og engasjert i faget.
Vi tilbyr:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
Moglegheit til å påverke design og konstruksjon i eit miljø med korte beslutningsvegar.
Sterkt fagleg miljø – Vi er ein solid og veletablert bedrift med eit sterkt fokus på kvalitet og berekraft. Du vil jobbe saman med dyktige og erfarne fagfolk i eit miljø der vi deler kunnskap og erfaring for å oppnå dei beste resultata.
Gode utsikter for karriereutvikling – Vi er i ei spennande vekstfase, og det er store moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
ISO-sertifisert og miljøfokusert arbeid – Vi er stolte av å vere ISO-sertifiserte og legg stor vekt på berekraft og miljøvennleg produksjon.
Konkurransedyktige betingelsar – Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og ein kompensasjonspakke som inkluderer helseforsikring, obligatorisk tenestepensjon (OTP) og AFP-ordning og uføreforsikring.
Gode arbeidsforhold – Hos oss får du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med fokus på helse, tryggleik og trivsel. Vi trur på ein god balanse mellom arbeid og fritid, og legg til rette for at du kan vere ein del av eit positivt og støttande team.
Om Oma Baatbyggeri AS
Oma Baatbyggeri AS er leiande innan design, utvikling, konstruksjon og bygging av lettbygde, hurtiggåande aluminiumfartøy, og har levert kvalitetsskip i over 100 år. Vi er kjende for høg teknisk standard og godt handverk.
Skriftlig søknad med kopi av attestar og vitnemål sendes til:
Oma Baatbyggeri
v/ Olav Oma: e-mail: olav@oma.no Mobil: 46 93 11 98
For meir informasjon om oss, besøk; oma.no
Ferdigheter
- 3D Rhino
- AutoCAD
- Bygging av skip og båter
- Digitale ferdigheter
- Teknisk innsikt
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å bygg framtidas hurtigbåar!
Oma Baatbyggeri AS, etablert i 1909, og med det eit av landes eldste skippsverft.
Oma Baatbyggeri er leiande innan design, utvikling, konstruksjon og produksjon av lettbygde, hurtiggåande aluminiumsfartøy.
Klare for det grønne skifte med låg- og nullutleppsløysingar.
- Sektor: Privat
- Sted: Storhaugvegen 140, 5416 Stord
- Bransje: Industri og produksjon, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Strukturingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
skipingeniør, teknisk kompetanse, konstruksjon, strukturingeniør, aluminiumskonstruksjon
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413896247
- Sist endret