Sykepleier
Ulvik herad
- Frist 10.8.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ledig svangerskapsvikariat som sjukepleiar ved Ulvik omsorgstun
Periode: 08.09.2025 – 23.08.2025
Tilsetjingstilhøve: Vikariat, 90 – 100%
Om stillinga
Ulvik herad har ledig svangerskapsvikariat som sjukepleiar ved Ulvik omsorgstun. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag – du jobbar både inne på sjukeheimen og med sjukepleiaroppgåver i heimesjukepleien. Du vil også ha rolla som ansvarsvakt og leie teamet gjennom vakta.
Omsorgstunet er nytt frå 2019 og ligg i flotte, moderne lokalar rett ved fjorden. Stillinga er i 90-100% etter ynskje, og følgjer oppsett arbeidsplan, med arbeid kvar fjerde helg. Arbeidstida er dag- og kveldsvakter, i tillegg til beredskapsvakt (heimevakt) på ettermiddag og natt med utrykking ved behov. Denne arbeidstidsordninga legger opp til gode friperioder i turnus.
Arbeidsoppgåver
Utøve sjukepleie til bebuarar på sjukeheim og tenestemottakarar i heimesjukepleien
Ha ansvarsvakt og leie teamet på vakta
Ivareta sjukepleiefagleg ansvar og oppfølging
Dokumentasjon og kvalitetsarbeid
Rettleiing av kollegaer og studentar
Aktivt samarbeid i tverrfagleg team
Ynskte kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Førarkort klasse B
Du er trygg i rolla som ansvarsvakt og har evne til å leie og prioritere i ein travel kvardag
Du jobbar effektivt og strukturert, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du har god evne til samarbeid og kommunikasjon på nivå tilsvarande norsk B2.
Relevant vidareutdanning og/eller erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
Personleg eignaheit vert vektlagt
Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariff
Arbeid i nye, moderne lokalar med godt utstyr og mange funksjonelle løysingar
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein jobb i det mange meiner er verdas vakraste bygd
Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan frå februar og ut vikariatet
Ferdigheter
- Dokumentasjon
- Grunnleggende sykepleie
- Sykepleievitenskap
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og eit breitt tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste, helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod.
Me held til i moderne lokalar både i Ulvik sentrum og på Ulvik omsorgstun (opna i 2019). Hos oss blir du ein del av eit kompetent og mangfaldig fagmiljø med gode kollegaer i alle aldrar og frå ulike bakgrunnar.
Om Ulvik
Ulvik – perla i Hardanger – ligg idyllisk til inst i Hardangerfjorden. Her møter fjord fjell, bre og skog – og inviterer til friluftsliv året rundt. Ulvik har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø med idrettshall, symjehall og langrennsarena med lysløype. Me er stolte av våre festivalar, konsertar, poesiarv, siderproduksjon og levande bygdemiljø.
Les meir på: hardangerfjord.com
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5730 Ulvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjukepleiar, helse, svangerskapsvikariat, ulvik omsorgstun
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413448854
- Sist endret