Teatersjef
Teater Vestland
- Frist 17.8.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Teater Vestland søker teatersjef
Teater Vestland søkjer ein visjonær og samlande teatersjef frå 2026
Vil du leie eit teater med røter i språket, heile fylket som scene – og eit lag som vil noko saman?
Vi ser etter ein teatersjef som har lyst til å byggje lag, forme ein sterk kunstnarleg profil og utvikle eit breitt repertoar som bidreg til at folk i Vestland fylke kjenner seg igjen i Teater Vestland. Du får rom til å prege repertoaret med historier som rører, utfordrar og samlar – og som spenner frå det nære og lokale til det universelle. Vi ønskjer oss ein teatersjef som ser scenekunsten sitt potensial som samfunnsstemme, og som vil vere med og opne teateret mot nye perspektiv og nye publikumsgrupper.
Du må ha interesse for samarbeid med frie scenekunstnarar, amatørmiljø, skular, lokalsamfunn og med profesjonelle miljø . Vi nyttar nynorsk som scene- og arbeidsspråk, og det er ein del av vårt kunstnarlege uttrykk og samfunnsoppdrag.
Om stillinga:
Teatersjefen er dagleg leiar og har hovudansvar for teateret si kunstnarlege og strategiske retning, og personalansvar for det kunstnarlege laget. Det administrative ansvaret for økonomi, drift og personalforvaltning elles er delegert til direktøren. Teatersjef og direktør samarbeider tett om utvikling og gjennomføring av teateret sitt samla arbeid.
Vi ser etter deg som:
Har høg kunstnarleg kompetanse og teaterfagleg bakgrunn
Har evne til å utvikle og realisere eit repertoar som treff ulike publikumsgrupper
Har erfaring med scenekunstproduksjon og forståing for produksjonsprosessar
Er ein tydeleg og lyttande leiar som skapar retning og lagfølelse
Ser samanhengen mellom det kunstnarlege arbeidet og teateret sitt samla ressursgrunnlag
Har forståing for samfunnsoppdraget og scenekunstfeltet sitt kulturpolitiske ansvar
Har kjennskap til og engasjement for nynorsk som scenekunstspråk
Kvalifikasjonar:
Teaterfagleg kompetanse og relevant erfaring frå scenekunstfeltet
Erfaring med leiing, langtidsplanlegging og god økonomiforståing
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Erfaring med politiske prosessar og myndigheitskontakt er ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Praktisk informasjon:
Teater Vestland nyttar nynorsk som arbeids- og scenespråk
Stillinga er eit åremål på 4 år, med moglegheit for forlenging
Det er ønskjeleg at teatersjefen bur i Førde eller omegn
Løn etter avtale. Gode pensjonsordningar
Oppstart 1.1.2026, eller etter nærare avtale
Søknadsfrist: 17. august 2025
Søknad med CV sendast til post@teatervestland.no, merka «Teatersjef»
Spørsmål?
Kontakt styreleiar Rasmus Mo, tlf. 977 10 943 eller direktør Aud Marie Åsen, tlf. 47 63 47 35
Vi gjer merksam på at søkarlista er offentleg, jf. offentleglova § 25. Dersom du ønskjer unntak, må dette grunngjevast, og vi varslar dersom det ikkje kan imøtekomast.
Teater Vestland ønskjer eit mangfaldig og inkluderande arbeidsmiljø, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet eller bakgrunn.
Kvifor velje Teater Vestland?
Hos oss får du høve til å leie eit teater med snart 50 års historie. Teater Vestland er ein stolt og solid institusjon, forankra i landsdelen og med ambisjonar om å vere relevant, utfordrande og engasjerande. Du får ein arbeidskvardag i Nynorskhuset i Førde, i eit levande hus for språk, scenekunst og samfunnsdebatt, og eit kollegium med høg fagkompetanse og stort engasjement. Her finn du eit lag som bryr seg både om kvarandre, publikum og kunsten vi skaper.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Teater Vestland er regionteateret for Vestland fylke og det einaste turnerande nynorskteateret i landet. Vi speler årleg rundt 200 framsyningar på over 35 scener – frå kulturhus til bygdehus. I tillegg er vi vertskap for Nynorsk scenespråksenter som er Noregs einaste etterutdanningstilbod som arbeider med dialektovergang og nynorsk scenespråk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 10, 6800 Førde
- Bransje: Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Utøvende kunst
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teatersjef, scenekunst
Nynorskhuset i Førde (1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413429031
- Sist endret