Industrimekanikar
Eide Fjordbruk
- Frist 20.7.2025
- Ansettelsesform Fast
Ta del i å setje standarden for framtidas havbruk som industrimekanikar
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer. Me satsar på ny teknologi og berekraft, og har mange spennande initiativ på gang.
Om rolla
I rolla som industrimekanikar vil du spele ein sentral rolle i å sikre drifta av vårt utstyr. Du vil få jobbe bredt med diverse arbeidsoppgåver, blant annet det nyaste innan produksjonsteknologi. Me ser etter deg som har solid teknisk bakgrunn, og som ynskjer å ta del i varierte arbeidsoppgåver på tvers av verksemda.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
Feilsøking, reparasjonar og forebyggande vedlikehald av verksemdas utstyr og fartøy
Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid
Logging, dokumentering av utført arbeid
Oppfølging av avvik på teknisk utstyr
Vedlikehald av fartøy både i eiget og på eksterne verksted
Hovudplassering vil vere i Rosendal, men stillinga vil kreve noke reiseverksemd til våre lokalitetar på Vestlandet.
Kven er du?
Dine personlege eigenskapar er like viktige som di erfaring og kompetanse. For oss er det viktig at du deler og identifiserer deg med våre verdiar: samarbeidsvillig, uredd, påliteleg og nytenkande. Du vil bli ein del av laget, og samarbeidsevne er derfor veldig viktig.
Ynskja eigenskapar:
Fagbrev som industrimekanikar, båtmekaniker, eller annan relevant utdanning/erfaring
Sjølvstendig og løysningsorientert, men som jobbar godt saman med andre
Engasjert og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
Ansvarsbevisst og god gjennomføringsevne
Det er positivt men ikkje eit krav dersom du innehar:
Truck T4,
Kran G4 og G20,
Sikkerheitskurs for sjøfolk
D6 –D5L
ROC/SRC VHF
Eide tilbyr:
I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og leverer i. Som vår nye medarbeidar vil du vere ein viktig lagspelar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø.
Konkurransedyktige vilkår
Jobb i ei framtidsnæring, og i eit selskap som tør å satse
Varierte og interessante arbeidsoppgåver
Eit arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Båtansvarleg Jørn Andre Lauritsen / 90856936 / jorn.andre.lauritsen@efb.no, eller HR-koordinator Marte Midtbø / 90801570 / marte.midtbo@efb.no
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for framtidas havbruk
FerdigheterAI-generert
- Forebyggende vedlikehold
- Industrimekanikk
- Maritim vedlikeholdskompetanse
- Reparasjon
- Reparasjon og vedlikehold av skip og båter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: Rosendal, 5470 Rosendal
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanisk, Teknisk service
Nøkkelord
industrimekanikar, havbruk, teknisk bakgrunn, vedlikehald, forbetringsarbeid
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 413348221
- Sist endret