Dagleg leiar
Opplæringskontoret For Nordhordland
- Frist 15.8.2025
- Ansettelsesform Fast
Dagleg leiar på Opplæringskontoret for Nordhordland
Om bedrifta:
Opplæringskontoret for Nordhordland er ein medlemsorganisasjon for godkjente lærebedrifter og bedrifter som ynskjer å bli godkjente lærebedrifter. Organisasjonen er eigd av våre medlemsbedrifter. Me har medlemsbedrifter i området frå Bergen i sør til Sognefjorden i nord.
Målet vårt er å hjelpa våre medlemsbedrifter til å bli/vera gode lærebedrifter, der dei gjev dei unge som søkjer læreplass god opplæring. Me ynskjer å hjelpa flest mogleg til å bli dugande fagarbeidarar og positive medarbeidarar.
Opplæringskontoret har ved årsskiftet til 2025, 139 medlemsbedrifter, 247 aktive lærekontraktar og 4 tilsette.
Som dagleg leiar ved Opplæringskontoret for Nordhordland vil du ha ansvaret for den daglege drifta av kontoret. Du vil leia eit godt team av medarbeidarar og ha ansvaret for samarbeidet med våre medlemsverksemder og rapportering til styret. Det er ynskjeleg at våre medlemsbedrifter skal gje den beste opplæringa og oppfølginga av framtidige fagarbeidarar.
Ansvarsområde:
Administrativt, økonomisk og fagleg ansvar
Følgja opp lærlingar og lærekandidatar frå start til mål
Leggja til rette for ledige læreplassar i medlemsverksemdene
Rekruttera lærlingar til ledige læreplassar i medlemsverksemdene
Marknadsføra og informera om fagopplæringa
Personalansvar
Rekruttera nye medlemsverksemder
Oppfølging av medlemsverksemdene
Dialog med dei aktuelle vidaregåande skulane og fylkesadministrasjonen innan fagopplæring.
Sikra at opplæringa i medlemsbedriftene har høg kvalitet og oppfyller gjeldande krav og retningslinjer
Representera Opplæringskontoret i ulike forum, og byggja nettverk
Ynskjelege kvalifikasjonar og eigenskapar som vil bli vektlagt:
Gode mellommenneskelege og pedagogiske evner, gjerne frå arbeid med lærlingar eller anna ungdom.
Gode samarbeids- og gjennomføringsevner
Relevant utdanning og leiarerfaring
Ryddig og strukturert
Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
Kjennskap til lærlingordninga og relevant lovverk rundt dette
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Kunna jobba sjølvstendig
Krav:
Du må ha sertifikat og disponera bil
Du må kunna nytta nynorsk som skriftspråk
Me tilbyr:
- Ein spanande og utfordrande stilling
- Mogleik til å påverka og vidareutvikla organisasjonen og opplæringa av nye fagarbeidarar.
- Me har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Me har tariffavtale med AFP.
- Lønn etter avtale.
Søknadsfrist: 15.08.2025
Dersom stillinga er av interesse, så send søknad og relevant dokumentasjon til Dagleg leiar på e-post: lillian@oknordhordland.no
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Ferdigheter
- Administrasjonsarbeid
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Opplæringskontoret for Nordhordland er ein medlemsorganisasjon for godkjente lærebedrifter og bedrifter som ynskjer å bli godkjente lærebedrifter. Organisasjonen er eigd av våre medlemsbedrifter. Me har medlemsbedrifter i området frå Bergen i sør til Sognefjorden i nord.
Målet vårt er å hjelpa våre medlemsbedrifter til å bli/vera gode lærebedrifter, der dei gjev dei unge som søkjer læreplass god opplæring. Nordhordland treng fagarbeidarar. Så me ynskjer å hjelpa flest mogleg til å bli dugande fagarbeidarar og positive medarbeidarar.
Opplæringskontoret har ved årsskiftet til 2025, 139 medlemsbedrifter, 247 aktive lærekontraktar og 4 tilsette.
- Sektor: Privat
- Sted: Galteråsen 4, 5916 Isdalstø
- Bransje: Annet, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
dagleg leiar, opplæringskontor, fagopplæring, nordhordland
Annonseinformasjon
- FINN-kode 412472083
- Sist endret