MC/Commissioning-ingeniør
Westcon Yard Florø
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å ferdigstille og levere løysingar der kvalitet og presisjon er avgjerande?
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. No ser vi etter fleire dyktige kollegaer som vil vere med og styrkje laget i eit variert arbeidsmiljø i vekst og utvikling.
Som MC/Commissioning-ingeniør hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at våre leveransar blir ferdigstilt og dokumentert i tråd med krav og forventningar. Du vil jobbe tett med både prosjektleiing og produksjon – og vere bindeledd mellom ulike fagmiljø.
Du får ansvar for å planlegge utsjekk av arbeid, dokumentasjon og testing – og bidra til at vi leverer trygt og presist, kvar gong.
Som MC/Commissioning-ingeniør i Westcon Yard Florø vil du ha ei operativ rolle og jobbe tett saman med kollegaer frå fleire fagområde. Du har hovudansvar for ferdigstilling og testing – men vil òg bidra i andre oppgåver ved behov.
Sentrale oppgåver:
Utarbeide sjekklister og følgje opp ferdigstilling av arbeid
Bidra til utarbeiding av jobbpakker
Dokumentere ferdigstilling og testresultat
Utarbeide testprogram og prosedyrar
Koordinere gjennomføring av testing
Sikre sporbar dokumentasjon gjennom heile ferdigstillingsløpe
Vi ser etter deg som har erfaring frå verfts-, offshore- eller leverandørindustrien – eller som maskinist.
Du har gjerne:
Brei erfaring frå tverrfagleg arbeid, testing eller ferdigstilling
Forståing for fleire tekniske disiplinar og god systemforståing
Erfaring med dokumentasjon og kvalitetssystem
Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk
Vi ser for oss at du er strukturert og løysingsorientert – og at du trivst med å ha ansvar og følgje opp detaljar i praksis. Du samarbeider godt med andre og har:
Gode kommunikasjonsevner
Tek ansvar og held framdrifta oppe, også når det blir krevjande
Evne til å arbeide nøyaktig og sjølvstendig
Fleksibilitet og praktisk forståing
Du må kunne sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELIG / NATO SECRET. Sjå nsm.no for meir informasjon.
Ved spørsmål om stillingen; ta gjerne kontakt med Avdelingsleder Teknisk: Boy Patrick Markx på tlf: 467 89 925, eller e-post: boy.patrick.markx@westcon.no
Ferdigheter
- Arbeidsplan
- Commissioning
- Koordinasjonsansvar
- Kvalitetstyring
- Utarbeide dokumentasjon , jobbpakker
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som MC/Commissioning-ingeniør hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
- Sektor: Privat
- Sted: Ole Aaserudgata 7, 6900 Florø
- Bransje: Forsvar og militær, Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Marinteknikk / Naval architecture, Subsea, Teknisk sikkerhet/QHSE
Nøkkelord
Commissioning, ingeniør, Prosjekt, Verft, Subsea
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 411397207
- Sist endret