Produksjonssjef
Norlender Knitwear AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Norlender Knitwear AS søkjer produksjonssjef
Norlender Knitwear AS er ei familiebedrift med nær 100 års erfaring innan tekstilproduksjon. Me er ein strikkefabrikk med sjel, der me ynskjer å ta hand om både menneska som arbeider her og naturressursene me brukar for å produsere dei fine ullgensarane våre. Fabrikken vår held til i nydelege omgjevnader i Hosanger på Osterøy – og mottoet vårt er å lage snille ullklede for snille folk.
Som produksjonssjef vil du ha ansvaret for å planlegge og leie produksjonen, ta hand om innkjøp av råvarer og sikre god arbeidsflyt gjennom fabrikken. Ei viktig rolle for vår nye produksjonsleiar vil vere å aktivt vidareutvikle oss innan berekraft, sertifisering og digitalisering – og bidra tett inn i utviklinga av nye produkt, frå idé til ferdig genser.
Me ser etter ein kompetent, energisk, samvittighetsfull og dedikert leiar som trivs med å skape resultat. Du er strukturert, likar å ha det travelt, god til å kommunisere, proaktiv, evner å sjå løysingar, og bidreg med forslag og idear. Stillinga er ei fast, 100 % stilling.
Sentrale oppgåver:
· Ansvarleg for all produksjon
· Produksjonsplanlegging og innkjøp.
· Vere ein pådrivar for gode rutiner og eit godt arbeidsmiljø i fabrikken
· Samarbeide tett med med sals og marknadsavdelinga
· Delta aktivt i produktutviklinga.
· Produksjonsleiar deltek i bedrifta si leiargruppe og rapporterer til dagleg leiar.
Ynskja kvalifikasjoner og erfaring
· Tekstilutdanning, eller en tilsvarende kombinasjon av utdanning og erfaring
· Erfaring med mønsterkonstruksjon og saum
· Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Me tilbyr:
· Spanande moglegheiter i ei bedrift i utvikling
· Å vere ein del av eit fagleg miljø der kvalitet er i fokus
· Løn etter avtale
Dersom du syns dette høyres spanande ut kan du sende søknad til astrid@norlender.no Søknader vert vurdert fortløpande. Har du spørsmål kan du ringe Astrid Tveiten på tlf 411 03 368
Ferdigheter
- Digitalisering
- Innkjøp
- Ledelse
- Produksjonsplanlegging
- Produktutvikling
- Søm
- Tekstilarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Norlender Knitwear AS er ei familiebedrift med nær 100 års erfaring innan tekstilproduksjon. Me er ein strikkefabrikk med sjel, der me ynskjer å ta hand om både menneska som arbeider her og naturressursene me brukar for å produsere dei fine ullgensarane våre. Fabrikken vår held til i nydelege omgjevnader i Hosanger på Osterøy – og mottoet vårt er å lage snille ullklede for snille folk.
- Sektor: Privat
- Sted: Osterøyvegen 2184, 5282 Lonevåg
- Bransje: Tekstil
- Stillingsfunksjon: Planlegger, Produksjon, Produktledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
produksjonssjef, produksjonsplanlegging, innkjøp, mønsterkonstruksjon, ledelse
Kvalitetsikring i produksjonen (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 411354812
- Sist endret